- I juni trudde eg det skulle gå til helvete, seier Bengt Dahlberg, eigar og drivar av Geiranger Sjokolade, om starten på sommarsesongen 2020.
I desember 2019 kom resultatet av ei spørjeundersøkjing som Innovasjon Norge hadde gjort for å finne ut kva som var den mest besøkte attraksjonen blant cruiseturistar i Geiranger. Der kom Dahlbergs sjokolademakeri og -kafe på topp.
Dermed kom det lite pengar i kassa, og likviditeten til Dahlberg blei hardt pressa.
- Men så kom nordmennene. Eg trur eg har sett fleire nordmenn her enn eg har sett tilsaman her på ti år, seier Dahlberg.
Norske turistar gjorde at høgsesongen blei god og hektisk, men også kort.
Omlag 80 prosent av driftsinntektene til selskapet kjem frå Geiranger, først og fremst i turistsesongen. Planen er å få etablert ein nettbutikk til julehandelen og håpet er på auka sal hos forhandlar utanom Geiranger. Likevel er ikkje eit inntektsfall å kome utanom i år.
Dahlberg anslår at årets driftsinntekt vil ende på omlag 75 prosent av eit normalt år, altså cirka 3,5 millionar kroner. Før neste års sesong er planen å legge seg på eit lågare kostnadsnivå i forsesongen for å redusere risikoen for at likviditeten blir like pressa som i år.
I desember 2019 kom resultatet av ei spørjeundersøkjing som Innovasjon Norge hadde gjort for å finne ut kva som var den mest besøkte attraksjonen blant cruiseturistar i Geiranger. Der kom Dahlbergs sjokolademakeri og -kafe på topp.
Ingen cruiseturistar
Men i år sette koronaepidemien og tiltaka mot den ein stoppar for cruiseturismen og også mange andre besøkande frå utlandet. I tillegg vart vegen over fjellet opna uvanleg seint.Dermed kom det lite pengar i kassa, og likviditeten til Dahlberg blei hardt pressa.
- Men så kom nordmennene. Eg trur eg har sett fleire nordmenn her enn eg har sett tilsaman her på ti år, seier Dahlberg.
Norske turistar gjorde at høgsesongen blei god og hektisk, men også kort.
Bygd merkevare
No håpar han erfaringane frå koronaepidemien mellom anna fører til at fleire nordmenn brukar sitt eige land som ferieland. Uansett trur han at årets sesong har vore med å bygd merksemd om Geiranger Sjokolade og styrkt Geiranger Sjokolade som varemerke.Omlag 80 prosent av driftsinntektene til selskapet kjem frå Geiranger, først og fremst i turistsesongen. Planen er å få etablert ein nettbutikk til julehandelen og håpet er på auka sal hos forhandlar utanom Geiranger. Likevel er ikkje eit inntektsfall å kome utanom i år.
Dahlberg anslår at årets driftsinntekt vil ende på omlag 75 prosent av eit normalt år, altså cirka 3,5 millionar kroner. Før neste års sesong er planen å legge seg på eit lågare kostnadsnivå i forsesongen for å redusere risikoen for at likviditeten blir like pressa som i år.
Eg trur eg har sett fleire nordmenn her enn eg har sett tilsaman her på ti år
Publisert: 29.09.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03