Sjukehusseng til 100 millionar
FEKK NAPP: Det nyeetablerte investorfellesskapet i Pir Invest satsar på Kjell-Are Furnes og Ably Medical. 
Nytt

Sjukehusseng til 100 millionar

Ably Medical hentar inn 32 millionar kroner.

27.08.2019
Emisjonen verdset sjukehusseng-selskapet til 100 millionar kroner.
Det er aktørar i investeringsselskapet Pir Invest i Ålesund - som er under etablering - som går inn med pengar. 12 investorar skyt inn 32 millionar kroner, .

Jakta investorar

Daglig leiar, medeigar og gründer Kjell-Are Furnes i Ably Medical sa til NETT NO i fjor at hadde som mål å hente inn 40-45 millionar kroner i ein emisjon for å finansiere oppbygging av produksjonskapasitet for selskapet. Sengane er testa ut gjennom utviklingsavtalar i Canada.
Målet var at produksjonen skal skje på Sunnmøre.

Seng med sensonar

Ably Medical utviklar ei seng som både skal vere lettere å handtere, betre å ligge eller sitte i og enklare for pleiarar å få folk opp av og stelle. Poenget er blant anna å spare pasientar for ubehag og skader og pleiarar for slitasje.
Sengane blir utstyrt med mange sensorer som blir kobla til datamaskiner for å registrere og analysere bevegelsar og andre signal frå pasientane - og slå alarm dersom pasienten er i ferd med å få problemer eller sykdomssituasjonen forverrar seg.

Publisert: 27.08.2019 18:46

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:06

Mer om