Dette seier sjømannsprest Annette Tronsen Spilling frå Vegårshei, men som er halvt ulsteinviking.
Ho er av sjømannsprestane som har lengst farstid i offshore. Ho merkar auka behov for sjømannsprestane i takt med offshorenedturen.
- Vi rykker ut når det er ulukker, men i den seinare tid har vi også sett at mange ønskjer å snakke med oss i samband med permitteringar og oppseiingar.
- Det er tøffe tider for mange i offshore. Dei fleste som jobbar på offshorefartøy eller på oljeinstallasjonane er i dag redde for jobben sin, og då er det godt å ha nokon å dele bekymringane med.
- Ofte kan vi hjelpe folk til å uttrykke det dei går og tenkjer på. Det er ikkje farleg å snakke om det, og det å dele tankane med nokon gjer ofte livet lettare enn å gruble åleine.
- Prestar vert ofte sett på som 'ekspertar' på død og sorg, men vi snakkar like mykje om relasjonar, utfordringar og gleder som livet gir.
- Vi er eit lavterskeltilbod. Vi trenger oss ikkje på, men er eit medmenneske som er der når det er behov for det.
- Samtidig skal vi vere lett å unngå, om ein ønskjer det, seier Tronsen Spilling.
Mykje endra seg etter Alexander Kielland-ulukka i 1980. Då kom krisehandtering, samt oppfølging av dei råka og nær familie, på dagsordenen til oljeselskapa og nordsjøprestane fekk ein naturleg plass i dette arbeidet.
Beredskapsarbeidet vart profesjonalisert, også med eigne kurstilbod og beredskapsavtalar med reiarlag, selskap, bedrifter og UD.
Sjølv har Annete Tronsen Spilling faste besøk på plattformene Heidrun, Kristin, Balder, Ringhorne, Jotun A, Ivar Aasen, Alvheim og Gjøa.
Reiarlaga er også bidragsytarar til tenesta.
- Sjølv om det er økonomisk utfordrande tider for mange selskap, virkar det som om selskapa ser på oss som ein ressurs som det er viktig å ta vare på.
- Og det er også slik at det er i dei vanskeleg tidene vi har mest å bidra med.
- Vi er på mange måtar i same båt, der vi deler gleder og sorger, og der vi har teieplikt overfor dei vi snakkar med.
- Dette er ikkje forkynning, men det er ein å snakke med når det er behov for det.
- Det er mange ulike oppdrag, men målet er at vi skal vere der for gje støtte – når det trengst.
Tronsen Spinning rosar også samarbeidet med andre hjelpeinstansar og har i dag ein overordna avtale med den norske regjeringa, via utanriksdepartementet.
- I kriser har vi alle ulike roller, men vi samarbeider svært godt med både statsapparat og private aktørar.
- Vi vert nære medarbeidarar for å støtte dei berørte og hjelpe dei til å finne vegen dei skal gå vidare etter å ha opplevd smerten ved å miste, avsluttar Annette Tronsen Spilling, som snart skal flyge ut i Nordsjøen for å vitje dei som har sin arbeidsplass der.
Ho er av sjømannsprestane som har lengst farstid i offshore. Ho merkar auka behov for sjømannsprestane i takt med offshorenedturen.
- Vi rykker ut når det er ulukker, men i den seinare tid har vi også sett at mange ønskjer å snakke med oss i samband med permitteringar og oppseiingar.
- Det er tøffe tider for mange i offshore. Dei fleste som jobbar på offshorefartøy eller på oljeinstallasjonane er i dag redde for jobben sin, og då er det godt å ha nokon å dele bekymringane med.
- Ofte kan vi hjelpe folk til å uttrykke det dei går og tenkjer på. Det er ikkje farleg å snakke om det, og det å dele tankane med nokon gjer ofte livet lettare enn å gruble åleine.
Lavterskeltilbod
Meir enn 150 år sidan den norske presten Johan Storjohann oppdaga kor tøft norske sjømenn hadde det i framande hamner og starta sjømannskyrkja, har sjømannsprestane framleis sin viktige misjon.- Prestar vert ofte sett på som 'ekspertar' på død og sorg, men vi snakkar like mykje om relasjonar, utfordringar og gleder som livet gir.
- Vi er eit lavterskeltilbod. Vi trenger oss ikkje på, men er eit medmenneske som er der når det er behov for det.
- Samtidig skal vi vere lett å unngå, om ein ønskjer det, seier Tronsen Spilling.
Krisehandtering
Totalt er det ti sjømannsprestar som jobbar offshore, fordelt på sju prestar som reiser ut til plattformer og riggar i Nordsjøen. Vidare er det tre prestar som reiser rundt i hamnene og besøker offshorefartøya og reiarlaga.Mykje endra seg etter Alexander Kielland-ulukka i 1980. Då kom krisehandtering, samt oppfølging av dei råka og nær familie, på dagsordenen til oljeselskapa og nordsjøprestane fekk ein naturleg plass i dette arbeidet.
Beredskapsarbeidet vart profesjonalisert, også med eigne kurstilbod og beredskapsavtalar med reiarlag, selskap, bedrifter og UD.
Sjølv har Annete Tronsen Spilling faste besøk på plattformene Heidrun, Kristin, Balder, Ringhorne, Jotun A, Ivar Aasen, Alvheim og Gjøa.
God støtte
Nyleg var dei ti sjømannsprestane innan offshore på strategisamling i Fosnavåg, der dei hadde intern de-briefing etter helikopterulykka som råka Norge i mai. I tillegg hadde Sjømannskyrkja for trettande gong på rad songkveld i kyrkja, samt besøk til dei mange offshorereiarlaga i regionen.Reiarlaga er også bidragsytarar til tenesta.
- Sjølv om det er økonomisk utfordrande tider for mange selskap, virkar det som om selskapa ser på oss som ein ressurs som det er viktig å ta vare på.
- Og det er også slik at det er i dei vanskeleg tidene vi har mest å bidra med.
I same båt
Tronsen Spilling seier at det er ein fordel at sjømannsprestane er mykje om bord, og kan snakke sjøfolka sitt eige språk.- Vi er på mange måtar i same båt, der vi deler gleder og sorger, og der vi har teieplikt overfor dei vi snakkar med.
- Dette er ikkje forkynning, men det er ein å snakke med når det er behov for det.
Flesland og Middelhavet
I tillegg til helikopterulukka ved Flesland, har sjømannsprestane i det siste vore på plass for å bistå mannskapa på dei norske skipa som reddar flyktningar i Middelhavet.- Det er mange ulike oppdrag, men målet er at vi skal vere der for gje støtte – når det trengst.
Tronsen Spinning rosar også samarbeidet med andre hjelpeinstansar og har i dag ein overordna avtale med den norske regjeringa, via utanriksdepartementet.
- I kriser har vi alle ulike roller, men vi samarbeider svært godt med både statsapparat og private aktørar.
- Vi vert nære medarbeidarar for å støtte dei berørte og hjelpe dei til å finne vegen dei skal gå vidare etter å ha opplevd smerten ved å miste, avsluttar Annette Tronsen Spilling, som snart skal flyge ut i Nordsjøen for å vitje dei som har sin arbeidsplass der.
Dei fleste som jobbar på offshorefartøy eller på oljeinstallasjonane er i dag redde for jobben sin, og då er det godt å ha nokon å dele bekymringane med.
Publisert: 11.06.2016 05:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57