I den seinare tid har «havrommet» vore eit mykje brukt ord, både på konferansar og politiske møte. Visjonen om å hente meir verdiar frå havet er både god og viktig.
Men av og til kan dei store tankane sperre for utsikta til det som ligg nær oss, men som likevel er viktig for næringsutvikling og busetjing langs kysten.
Seglingsleia
Det kan hende vi fyrst bør sjå litt på den delen av havrommet som ligg like utanfor stovedøra vår, før vi fabulerer om gruvedrift på havbotnen.
Historisk sett har seglingsleia langs kysten vore heilt avgjerande for den verdiskapinga og utviklinga vi har hatt i landet vårt. Lenge før veg og bane var på plass, frakta ein varer og folk sjøvegen. Det var mellom anna den sjøfarten som la grunnlaget for det Norge vi kjenner i dag, sjølv om den offisielle historia ofte handlar meir om stabbur og rosemåla skap.
Det har vore gjort, og blir gjort, ein framifrå jobb med å merke og halde ved like seglingsleia. Året rundt arbeider Kystverkets folk med å halde Riksveg nr. 1 i god stand. Sjømerke og lykter blir moderniserte, og fleire stadar blir leia utdjupa for å trygge skipstrafikken.
Hindringane
Vegane på land har flaskehalsar, smale parti, låge tunnelar og strekningar med rasfare. Det fell oss naturleg å krevje utbetringar og rassikringar som kan trygge liv og helse.
Riksveg nr. 1 har også hindringar, ikkje fordi det er smalt, men fordi ein må krysse ope hav med visse mellomrom. Når storstormane rasar, blir skipstrafikken hemma eller hindra på desse havstykka. Dei lærde seier at vi vil få endå meir sterk vind i framtida, grunna klimaendringane. Medan vi kan gjere mykje med flaskehalsane på vegane på land, må vi stort sett akseptere at seglingsleia ligg slik ho ligg, utan moglegheit til å leggje om «vegen».
Det einaste unntaket langs Riksveg nr. 1 er ved Stad, der kan vi eliminere ei hindring. Vi kan sikre menneska som må forbi denne stormfulle halvøya, slik vi sikrar dei som køyrer langs ein rasfarleg veg.
I seg sjølv er det eit veldig godt argument for å gjere akkurat det, og det må sjåast på som ei stor og viktig utbetring av Riksveg nr. 1.
Eg kvidde meg for å gå Stadhavet i dårleg vêr, sjølv om vi låg i ope hav i veke etter veke. Det er eit paradoks. Når eg snakkar med mine tidlegare kollegaer, fortel dei om den same opplevinga. På Stadhavet kunne vi få brottsjøar som vi ikkje skjøna kvar kom frå – dei berre kom. Ein kombinasjon av rare havstraumar og ein spesiell botnformasjon gjer at dette havstykket kan by på overraskingar ein helst ikkje vil ha, men som ein likevel får.
Stormane
Ser ein på vindstatistikk på Yr.no for Kråkenes fyr like ved Stad, finn ein fort ut at Stadhavet er det havstykket på heile norskekysten med flest stormar gjennom året. Når hav og himmel gjekk i eitt, drøymde eg ofte om å kunne styre inn fjorden og stikke baugen inn i eit hol i fjellet.
Argumenta for å byggje tunnelen er lagt fram så mange gonger at eg ikkje brukar mykje plass på det. Å rekne på dette prosjektet kan ein sikkert halde på med til kalkulatorane smeltar mellom fingrane på konsulentane. Eit av motargumenta er at dette er den første skipstunnelen i sitt slag – dette har vi ikkje gjort før, og risikoen er for stor.
Næringslivet i vår del av landet har heile tida gjort ting dei aldri har gjort før. Skipsingeniørane har utvikla skip vi aldri har sett før, og verfta har bygd dei. Fiskarane har kursa mot det ukjende, til felt dei aldri har vore på før, og teke i bruk teknologi dei aldri har sett før. Skulle vi ha gjort berre det vi har gjort før, hadde næringslivet langs kysten vår ikkje eksistert.
Stortinget må no syte for at utbetringa av Riksveg nr. 1 blir gjort, og at skipstunnelen blir bygd. Det fortenar alle dei som kvar dag må passere denne stormfulle halvøya ute ved storhavet.
Av Knut Arne Høyvik, tidlegare fiskar og fiskeskipper
Publisert: 30.09.2025 21:17
Sist oppdatert: 30.09.2025 22:32