Sjoesette foerste eigenbygde for cruise
SJØSETT: Det 124 meter lange National Geographic Endurance er det første skipet Ulstein-konsernet leverer til cruisemarknaden frå «eigen kjøl».
Nytt

Sjøsette første eigenbygde for cruise

I helga markerte Ulstein verft ein ny milepåle då milliardskip fekk vatn under kjølen.

Marius Rosbach
09.12.2019

Laurdag blei det første National Geographic-skipet dokka ut ved Ulstein verft. «This beauty! Launched today», skriv Ulstein Group på sin Facebook-side. Det 124 meter lange fartøyet med X-Bow-design er det første skipsbyggarkonsernet sjølv bygger for cruisemarknaden.

nettnohalf

Skipet vil få namnet National Geographic Endurance, og skal leverast neste år. Prislappen skal vere på kring 1,2 milliardar.

Hatr bestilt systerskip
Det er allereie klart at det blir fleire skip frå Ulstein med logoen til den amerikanske reiselivsaktøren på baugen. I februar 2019 annonserte konsernsjef, Sven Lindblad i New York-baserte Lindblad Expeditions, at dei ville ha eit systerskip, og verftsleiinga håpar på fleire skip.

Begge skipa vert 124 meter lange og 21 meter breie. Om bord blir det plass til 126 passasjerar og eit mannskap på 112 personar. reiselivsveterane i National Geographic marknadsførar ei rekke ulike turar med skipet dei komande åra.

Les meir: Satsar 1,3 milliardar på nytt Ulstein-skip

Ser lysning etter nytt blytungt år

Første «heilårsskip» i polare farvatn
Skipet er ifølgje Lindblad det første som er bygd for ekspedisjonseglaser med isklassa PC5. Det betyr at skipet kan segle under bestemte isforhold heile året i polare farvatn.

– Skipet skal få full utrusting og her skal det på plass alt mogleg utstyr. Det utgjer enormt med arbeidstimar og gir ei hektisk periode ved verftet, fortalde organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim til NETT No då skroget kom frå det polske Christ-verftet tidlegare i år.

X-Bow-suksess
Sven Lindblad har vore klar på at han ønska å bygge ekspedisjonsskipa nettopp med X-Bow-baugen. Det prisvinnande designet blei første gong sett på vatnet med offshoreskipet Bourbon Orca i 2005.

nettnohalf

ekspedisjonsskipet «Greg Mortimer» blei døypt ved eitt av verfta til China Merchants Heavy Industry i haust, opplyste konsernet at dei hadde selt 113 design av den bakovervende baugen. Florida-baserte Sunstone, er reiarlaget som bestilte skipet, og dei ønsker å ha opptil ti tilsvarande båtar.

Tidlegare har Ulstein også levert den drygt 90 meter lange yacthen «Olivia O» med X-Bow-design.

– Det blei mykje større enn vi hadde sett føre oss, både sjølve produktet, og kva det betydde for oss, regionen - kanskje for heile Norge for den del, sa sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg under industridesignkonferansen på Giske tidlegare i år – då Ulstein Group fekk heider for beste industridesignselskap.

Les også: – Blei mykje større enn vi hadde sett føre oss

Tore Ulstein: – Kina er konkurrentar, men også samarbeidspartnarar


Publisert: 09.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 22.04.2022 19:08