Ro Fortune er Rostein sin brønnbåt nummer 14, og samstundes det siste skipet i ein serie på fem.
Båten er 82,1 meter lang, 15,5 meter brei og har ein lastekapasitet på 3.500 kubikkmeter.
Båten har same tekniske plattform som søsterskipa Ro Arctic, Ro Server, Ro North og Ro West.
Det Larsnes Mek Verksted-bygde skipet skal i hovudsak frakte laks for kundar i Troms og Finnmark.
Rostein opplyser i ei pressemelding at alle skipa i serien er levert til avtalt tid frå Larsnes Mek Verksted, eit verft som det familieeigde brønnbåtselskapet frå Harøya er hovuaksjonær i.
"Miljøteknologi har vore viktig for Rostein i ei årrekke og den siste serien av skip er utrusta med trinnvis energiproduksjon med diesel-elektriske generatorar samt muligheit for å kombinere utslippsfri parasittbehandling og transport av laks," skriv Rostein i meldinga.
Skipsdesignet er eit resultat av mangeårig utviklingsarbeid mellom reiarlaget og Skipskompetanse i Måløy.
Gudmor var Camilla Sandøy.
Båten er 82,1 meter lang, 15,5 meter brei og har ein lastekapasitet på 3.500 kubikkmeter.
Båten har same tekniske plattform som søsterskipa Ro Arctic, Ro Server, Ro North og Ro West.
Det Larsnes Mek Verksted-bygde skipet skal i hovudsak frakte laks for kundar i Troms og Finnmark.
Rostein opplyser i ei pressemelding at alle skipa i serien er levert til avtalt tid frå Larsnes Mek Verksted, eit verft som det familieeigde brønnbåtselskapet frå Harøya er hovuaksjonær i.
Positive ringverknader
Rostein viser til at alle båtane i flåten er utrusta i Norge og har gitt store, positive ringverknader for norske leverandørar innan maritim sektor."Miljøteknologi har vore viktig for Rostein i ei årrekke og den siste serien av skip er utrusta med trinnvis energiproduksjon med diesel-elektriske generatorar samt muligheit for å kombinere utslippsfri parasittbehandling og transport av laks," skriv Rostein i meldinga.
Skipsdesignet er eit resultat av mangeårig utviklingsarbeid mellom reiarlaget og Skipskompetanse i Måløy.
Gudmor var Camilla Sandøy.
Publisert: 02.07.2018 08:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23






