Skal bli fem gangar stoerre paa fem aar
OVERGANG: Ekteparet Lisbet Johnsen og Gunnar Johnsen eig GJ Machine 50/50 og har brukt lang tid på å bu seg på at selskapet skal endrast frå eit familieselskap til eit selskap med fleire aksjonærar.
Nytt

Skal bli fem gangar større på fem år

Madrass-suksess opnar døra ut i verda for automatiseringselskapet GJ Machine. Inviterer inn nye investorar.

11.11.2020

Den heilautomatiske produksjonslinja som automatiseringsselskapet GJ Machine på Skodje har levert til madrassprodusenten Wonderland på Åndalsnes har fått madrassprodusentar verda over til å ta kontakt.

Om nokre av desse kontaktane blir til kontraktar, er GJ Machine eit godt stykke på veg mot målet om å auke driftsinntektene frå omlag 24 millionar kroner i 2020 til 125 millionar kroner i 2025.

Det sa Lisbeth Johnsen då ho presentere selskapet på arrangementet Investormatch på NMK-bygget i Ålesund onsdag.

Vil hente opptil 18 millionar
GJ Machine har berekna at selskapet treng 16 millionar kroner for å finansiere den planlagte veksten, men opnar for å hente inn inntil 18 millionar kroner i den komande kapitalutvidinga.

Ekteparet Lisbet og Gunnar Johnsen eig GJ Machine 50/50 og går med kapitalutvidinga over frå å vere eit familieigd selskap, til ei selskap med fleire eigarar.

GJ Machine blei etablert i 2000. I 2019 passerte selskapet 20 millionar kroner i driftsinntekter for første gang, og har i dag 13 personar på lønningslista.

Med veksten skal styret profesjonaliserast, og administrasjon og salsapparat styrkast. Om selskapet lukkast med å nå 125 millionar kroner i driftsinntekter innan 2025, kjem selskapet også til å trenge større produksjonslokale enn det har i dag.

Koronaoppsving
Tidlegare i år sa dagleg leiar Gunnar Johnsen at koronakrisa har skapt større interesse frå bedrifter i regionen.

– Vi har auka etterspurnad frå lokale bedrifter og har ein del oppdrag som vi ser på no. Spiren til ein del av dette er koronasituasjonen. Fleire vil ha ting gjort raskt og kan ikkje på same vis som før ta inn arbeidskraft frå utlandet, sa Johnsen til NETT NO.

Les også: Korona gir auka interesse

Største eigar
Planen til Lisbet og Gunnar Johnsen er å sitte att med 46 prosent av aksjane etter kapitalutviding, og at selskapet får ein ny dagleg leiar slik at Gunnar Johnsen kan konsentrere seg om produktutvikling og oppfølging av kundar.

Målet er å få inn to eller fleire nye eigarar, som både har kapital og kompetansen som må til for å hjelpe selskapet å vekse.


Publisert: 11.11.2020 16:42

Sist oppdatert: 14.06.2021 14:08