Marival UB Møre og R 2021 Karoline Clausen Bekken Markus Egge Sandvik Maria Smørholm Ane Dyrnes Ikke tilstede Lena Hanssen foto UEB
TIL TOPPS I 2021: F.v. Karoline Clausen-Bekken, Markus Egge Sandvik, Maria Smørholm og Ane Dyrnes og Lena Hanssen (ikkje til stades ved fotografering) i ungdomsbedrifta Marival frå Romsdal vidaregåande skule vann fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i 2021. Det var eit digitalt arrangement. I år møtes deltakarane fysisk. Foto: Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.
Nytt

Skal bli større enn før korona

Koronapandemien har krympa talet på ungdomsbedrifter. Den trenden vil Ungt Entreprenørskap snu.

15.03.2022

For første gang på to år samlar Ungt Entreprenøskap ungdomsbedriftene i vidaregåande skule i Møre og Romsdal fysisk, til fylkesmeisterskap.

Seinast innan 2024 skal deltakinga vere større enn nokon gong, spår arrangøren.

Vinnarane i ti ulike kategoriar skal kårast i fylkesfinalen i NMK-bygget i Ålesund i morgon, onsdag 16. mars. Samanlagtvinnaren og vinnarane i kategoriane berekraft og innovasjon får i tillegg delta i NM for Ungdomsbedrifter seinare i år.

Les kven som er deltakarar og jurymedlemar her

Startar eigne bedrifter
Ungt Entreprenørskap er ein landsomfattande organisasjon for å lære elevar og studentar om innovasjon og å etablere og drive bedrifter.

Elevane og studentane får opprette eigen bedrifter, som langt på veg er likestilte med vanlege aksjeselskap, som dei kan drive i programperioden. For elevar i vidaregåande skular blir bedriftene kalla ungdomsskulebedrifter, for ungdomsskuleelever elevbedrifter og for studentar studentbedrifter.

Vekst
Dagleg leiar Øyvind Baltzersen i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal seier stadig fleire lærarar tek kontakt for å vere med i Ungdomsbedriftprogrammet.

To år med koronapandemi og smitteverntiltak med avgrensa høve til å møtes fysisk har redusert deltakinga i programmet, men det er berre ein mellombels nedtur. Alt neste år kjem deltakinga til å vere større enn i år, og seinast i 2024 skal deltakinga vere større enn nokon gong, ventar Baltzersen.

Fem vinnarar
Vinnarane i fem kategoriar i fylkesmeisterskapen er allereie kåra, i etter ei nettbasert juryering.

Her er vinnarane:

Beste videopitch: PEGlock UB - Spjelkavik vgs.
Beste marknadsføring: Navaria UB - Romsdal vgs.
Beste forretningsplan/-modell: Dignity UB - Romsdal vgs.
Beste reknskap: 180° UB - Romsdal vgs.
Beste logo: Whiteout - Spjelkavik vgs.

Klikk her for å lese meir om dei fem første vinnarane og juryen si vurdering

Publisert: 15.03.2022 10:39

Sist oppdatert: 15.03.2022 11:41