Skal bygge skipsmodell for fellesskapet
FELLES TESTLABORATORIUM: Har du ein ide til utstyr som kan passe ombord kan du få teste ut korleis det fungerer i ein databasert skipsmodell, før du må bygge ein dyr prototype. Det er målet for eit fellesprosjekt for den maritime klynga.
Nytt

Skal bygge skipsmodell for fellesskapet

Vard, Ulstein og Rolls-Royce Marine går saman med NTNU og klyngeprosjektet GCE Blue Maritime for å bygge databaserte skipsmodellar for heile den maritime klynga.

28.02.2017
Målet er å utvikle ei programvare som er gjer det råd å teste ut alt slags utstyr ombord i skipet, før det er naudsynt å bygge ein einaste liten fysisk modell.
Det opnar for store kostnadskutt og mykje spart tid i utviklingarbeidet - heilt i tråd med målsettinga for det nye utviklingslaboratoriet - ÅKP Blue Innovation Arena - som skal inn i tredje etasje i det nye tillbygget på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i Ålesund.

Felles gode

Det virtuelle skipet, som prosjektet blir kalla, kan sjåast på som ein allmenning, eit felles gode for heile bransjen, i følgje seniorrådgivar Tom Christian Dahl hos ÅKP.

- Ein simuleringsmodell kan fort bli stor og kompleks viss den skal innehalde alt frå skrog, vêr og vind, bølgjer og dekksmaskineri som kraner og vinsjar. Få små og mellomstore bedrifter har kunnskap og ressursar til å lage ein slik kompleks modell, seier Dahl.
Det skal det nye samarbeidet prøve å bøte på.
- Viss vi kunne greidd å samle kreftene om ein felles bransjestandard, så vil det kunne den utnyttast av mange av bedriftene i klynga, seier Dahl.

Støtte frå forskingsrådet

Noregs forskingråd har gitt 800.000 kroner i støtte til eit forprosjekt for å kartlegge om det er råd å laget eit slikt virtuelt skip som samarbeidspartnarane drøymer om.
Blir det suksess kan ulike utstyrleverandørar undersøke korleis deira løysinga vil fungere ombord og saman med anna utstyr.
- Dette programmet skal simulere operasjonen av skipet, sier Dahl.

Sterkare saman

- Viss vi kan tilby dette her til alle bedrifter i klynga så kan vi få mykje større samarbeid i klynga, seier Dahl.
Men samarbeid betyr også at det må delast på informasjon. Ei av utfordringane i forprosjektet er difor å kartlegge korleis fleire bedrifter kan arbeide på ein felles plattform, utan å måtte blottlegge eigne forretningsløyndomar.
Ei anna utfordring er å finne ut om det er nok med ein virtuell skipsmodell, eller om det må fleire til. Det er trass at stor ulikskap i operasjonane på eit cruiseskip, som er avbilda i dataanimasjonen til denne artikkelen, eit serviceskip for vindkraftproduksjon eller ein fiskebåt.
Viss vi kunne greidd å samle kreftene om ein felles bransjestandard, så vil det kunne den utnyttast av mange av bedriftene i klynga

Publisert: 28.02.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06