Skal doble Ekornes paa fem aar
ERNA-TV: Statsministeren intervjuar konsernsjef Roger Lunde i Ekornes til sine eigne kanalar på sosiale media. Kameramann er statssekretær Peder Weidemann Egseth.
Nytt

Skal doble Ekornes på fem år

Boomen som møbelprodusenten Ekornes er inne i no er berre starten.

03.11.2020

Ekornes-sjef Roger Lunde var vert då statsminister Erna Solberg møtte møbelbransjen i Sykkylven tysdag.

Solberg fekk mellom anna høyre Lunde fortelle om ambisiøse vekstplanar. I løpet av fem år skal Ekornes doble inntektene.

- Vi har planer for fleire 100 millionar kroner, seier konsernsjefen om investeringane som skal gjerast dei komande åra for å klare å få til den sterke veksten.

60-70 prosent av dei komande investeringane skal gjerast i Noreg, anslår han. Det betyr i fabrikkane i Sykkylven og på Grodås.

Meir frå statsministerbesøket:

Møter møbelbransje i oppsving

Kom med ny støtteordning: Corvus spår fart i båtelektrifisering

Sølvtrans bestiller båtar for nesten 800 millionar

Vard kan likevel få dekka utgifter til smittevern

Så langt i år har Ekornes tilsett 40 nye medarbeidarar, og skal rekruttere 50-60 til i Sykkylven. Men den veksten som Lunde planlegg for må det rekrutterast mange fleire, men Lunde vil ikkje talfeste kor mange.

Betre for forhandlarane
Betre lønsemd for forhandlarane som sel Ekornesmøblar er eitt av midla for å få salet opp. Større volum i produksjonen aukar effektiviteten, og dermed lønsemda og konkurransevna i marknaden. Når møbelbutikkane sit att med meir pengar blir dei også ivrigare på å selje Ekornes-møblar, er tanken bak.

- Vi har auka innteninga for våre norske kundar med 10 prosent, seier Lunde.

Fleire møblar med innebygde motorar (for lettare å variere sittestilling), og nye møblar og konsept skal og vere med å drive salet oppover, ifølgje Lunde.

Full fart
Då koronaepidemien kom i mars permitterte Ekornes-konsernet store deler av arbeidsstokken og gjorde at Sykkylven blei ein av kommunane med den høgste arbeidsløysa i landet.

Til sommarferien måtte Ekornes be tilsette om å endre på ferieplanane for å kunne produsere nok.

Då NETT NO snakka med hovudtillitsvalt Edvard Lie i førre veke, meinte han det var fleire tiår sidan dei sist opplevde ei tilsvarande bemanningsauke.

Ekornes med største oppbemanning på fleire tiår

Hovudtillitsvalt: Ser lysare på framtida enn på lenge


 Vi har planer for fleire 100 millionar kroner

Publisert: 03.11.2020 18:23

Sist oppdatert: 04.06.2021 09:30