Havila venus Bergen hamn Rune Paulsen
SPESIALOPPDRAG: Havila Venus, her i hamn i Bergen, skal fjerne udetonerte miner frå havbotnen nær Mariner-feltet. Foto: Rune Paulsen
Nytt

Skal fjerne miner frå krigen

Havila Venus skal hjelpe Equinor med å fjerne to udetonerte miner frå andre verdskrigen.

09.07.2021

Oppdraget kjem etter at Equinor i fjor fann udetonerte eksplosiv frå andre verdskrig nær Mariner-feltet. No skal desse fjernast, skriv Finansavisen.

Dei to minene ligg rundt 19 kilometer unna Mariner-feltet, som ligg på britisk sokkel.

Pressetalsmann Ola Morten Aanestad i Equinor opplyser til Finansavisen at dei to udetonerte eksplosiva vart oppdaga ved ein havbotnsinspeksjon i fjor.

– Det blei avklart at dei ikke utgjorde ein fare for folk eller infrastruktur, så det var ikkje behov for umiddelbar aksjon, seier han.

Fjernstyrt ubåt
Oppdraget for operasjonen er gått til Havila Shipping sin ankerhandlar Havila Venus. Om bord er det fjernstyrt ubåt, som skal nyttast til oppdraget.

Oppstart for oppdraget er 13. juli.

Ifølgje skipsmeklaren Westshore får Havila Shipping 19.500 britiske pund i døgnet for operasjonen.

Publisert: 09.07.2021 13:35

Sist oppdatert: 09.07.2021 13:53