Skal forske paa om industri mineral forureinar
MINERAL: Sintef-forskar Julia Farkas (innfelt) skal forske på mineral som til dømes scandium og gadolinium blir brukt i produksjon av både legemiddel, elektriske køyretøy, mobilar, vindturbinar, tilsetningsstoff i drivstoff og gjødsel, og anna høgteknologisk industri. 
Nytt

Skal forske på om «industri-mineral» forureinar

Sintef-forskarar skal finne ut om sjeldne jordartar  forureinar fjordane.

03.09.2020
(NPK): Sintef Ocean har fått 11 millionar kroner til forskingsprosjektet Elementary, der dei skal forske på om sjeldne jordartar brukt i industri og teknologi, forureinar fjordane våre.
– Vi veit at når desse minerala blir brukte som tilsetningsstoff, blir dei omarbeidde, og kan dermed oppføre seg annleis i naturen når dei blir sleppte ut, enn når dei ligg i jorda i si naturlege form. Men til dags dato veit vi ikkje noko om konsentrasjonen av sjeldne jordartar som eit resultat av at dei blir brukte i til dømes mobiltelefonar i marine område i Noreg, og kva effekt dei kan ha på marine artar, seier Julia Farkas, prosjektleiar for forskingsprosjektet, til .
Saman med forskarar frå Noreg, Danmark og Tyskland, skal forskarar i Sintef finne ut om sjeldne jordartar (SJA), som er kritiske høgteknologiske metall, kan hamne i havet og skade livet i fjordane, omgivnadene og maten vi et.
– Vi har plukka ut nokre «hot spots» der vi målar konsentrasjonar av SJA i kystmiljø relatert til moglege utslippsområder, seier ho og legg til at Trondheimsfjorden er mellom desse områda.
Mineral som til dømes scandium og gadolinium blir brukt i produksjon av både legemiddel, elektriske køyretøy, mobilar, vindturbinar, tilsetningsstoff i drivstoff og gjødsel, og anna høgteknologisk industri.
(©NPK)

Publisert: 03.09.2020 14:12

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:47