Elbuss
EL-BUSS: Frå 7. juni kan cruisepassasjerar fraktast med el-buss gjennom Eid. Foto: Seawalk Nordfjord
Nytt

Skal frakte cruiseturistar med el-buss

Seawalk Nordfjord lanserer grøne guideturar med el-buss gjennom sentrum.

03.06.2022

- Dette blir stas! Vi har lenge snakka om ei framtid med grøne bilar og bussar, no er framtida her» seiar ei stolt Eli Førde Aarskog, marknadsjef i Seawalk Nordfjord, i ei pressemelding.

Seawalk Nordfjord startar med opplegget 7. juni. Nullutsleppsbussen har plass til 16 personar, med ei maksfart på 25 km/t. Det vert fleire avgangar gjennom dagen.

Landstraum og el-rib
Det blir opplyst at cruisehamna på Nordfjordeid er ambisiøs når det gjeld grøn teknologi. Det vert arbeidd aktivt med å få på plass landstraum so raskt som råd. Slik at cruiseskipa slepp å nytte generatorar når dei er fortøya.

Frå før tilbyr ein også elbilutleige, og det er planar om elektriske RIB-båtar.

- Dette er berre starten på ei omstilling i bransjen, og her skal vi vere med. Med El-bussen kan vi vise fram det Nordfjordeid sentrum har å tilby på ein spanande og miljøvennleg måte, seier Arild Åshamar, dagleg leiar i Seawalk Nordfjord.

El-bussen vil køyre frå Hamna til Malakoff via Eidselva, der gjestane får informasjon om militærhistoria til Nordfjordeid. Turen går vidare gjennom Eidsgata til Eid kyrkje og avsluttar på vikingsenteret Sagastad.

Publisert: 03.06.2022 16:45

Sist oppdatert: 03.06.2022 16:55

Mer om