Skal faa ny fart paa Stranda Hotel
STRANDA: Stranda Hotel vart starta opp i 1917, då som Dreges Hotel. I 1992 kjøpte Odd Slyngstad hotellet, men selde det 1. januar i år til Frode Håkon Kjølås og Kjetil Nordang. No vert det satsa friskt for å auke heilårsbelegget ved hotellet.
Nytt

Skal få ny fart på Stranda Hotel

Dei nye eigarane legg ein god bunke pengar på bordet for å oppgradere Stranda Hotel til eit attraktivt heilårshotell. - Vi kan ikkje drive hotell utifrå om det vert snø i tre månader eller ei, seier Frode Håkon Kjølås.

26.06.2014
Etter fleire år med tap på hotelldrifta, selde Ålesund-arkitekten Odd Slyngstad hotellet til strandarane Frode Håkon Kjølås og Kjetil Helge Nordang. Salet vart gjennomført ved årsskiftet.
Både Kjølås og Nordang har tent godt med pengar siste åra, Kjølås mellom anna gjennom Seaside, Nordang mellom anna gjennom entreprenørselskapet K. Nordang.

Patriotisme

Dei to satsa 17,2 millionar på å kjøpe hotellet. Kjølås seier at det låg ein god del lokalpatriotisme bak investeringa.
- Hotellet er viktig for livet i Stranda. Her er det bryllaup, barnedåpar og liv og røre i helgane. Alle i bygda har eit forhold til hotellet.
- Heile sentrum ville ha vorte nokså dødt utan eit oppegåande hotell.

Store tap

Men rekneskapstala for dei siste åra viser eit hotell som har slite hardt. Både i 2012 og var driftsresultatet negativt med 2,7 millionar kroner, og åra før var heller ikkje mykje å skryte av.
Kjølås seier at resultatet for hotellet har vore svært avhengig av om det har vore gode snøvintrar på Strandafjellet - eller ei.
- Om det har vore godt med snø på Strandafjellet, har det vore godt med folk på hotellet i vintermånadene.
- Men sist vinter var dårleg, noko resultatet også viser.

Heilårssatsing

Han seier at alle skituristar er hjarteleg velkomne til hotellet, men at hotelldrifta ikkje kan stå og falle med om det er snø på Strandafjellet.
- Vi må få godt belegg i heile sesongen. Ikkje minst må vi få alle forretningsreisande til å stoppe og overnatte på Stranda, i staden for å overnatte andre stader.
Som ein lekk i dette, har Nordang og Kjølås lagt ny friske millionar kroner på bordet og sett i verk ei omfattande oppgradering av hotellet.

Oppgradering

Det er bygt ny kurs- og konferanseavdeling, restauranten og lobbyen er oppgradert og 16 av dei 62 roma er nyoppussa.
- Vi må sørgje for å få ein kvalitet og attraktivitet som gjer at folk vil bu på hotellet, både forretningsreisande og turistar, seier Kjølås.
Han legg ikkje skjul på at det kan verte ein tøff prosess å få snudd utviklinga for hotellet.
- Vi er ikkje naive, og veit kva som trengst for å lukkast, men vi har også god tru på at dette skal gå bra.

Tung start - bra mai og juni

Han seier at det var ein tung start på året, men at det har betra seg etter kvart.
- Januar og februar var dårleg på grunn av lite snø. I mars og april gjekk vi i balanse, og mai og hittil i juni har det gått bra.
Nordang og Kjølås eig Stranda Hotel gjennom selskapet Stranda Hoteleiendom, som igjen er 100 prosent eigd av selskapet Møring. Her eig Kjølås og Nordang halvparten kvar.
I 2013 var det tretten årsverk ved hotellet, fordelt på 62 personar. Av desse var 26 kvinner og 36 menn.
Vi er ikkje naive, og veit kva som trengst for å lukkast

Publisert: 26.06.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34