Poenget med spørjeundersøkjinga er å finne ut kva utlendingar som er rekruttert til bedrifter på Nordvestlandet saknar og ønskjer seg.
Spørjeundersøkjinga pågår no, og planen er å fullføre den om kort tid.
Målet er at Næringsforeningen Ålesundregionen skal vere med og utvikle tilbod som lettar overgangen ved å flytte frå utlandet - og auke attraktiviteten til arbeidsmarknaden på Nordvestlandet.
Næringsforeningen vurderer mellom anna eit innføringskurs om samfunn og regelverk. Det kan gjelde alt frå å få barnehageplass, til å etablere eiga bedrift, seier prosjektleiar Trine E. Hofseth Helgå i Næringsforeningen Ålesundregionen til Nett No.
Planen er å kome i gang før sommaren.
Møteplassar
Næringsforeningen vil også etablere møteplassar i form av ulike arrangement for å hjelpe utanlandske arbeidstakarar til å etablere eit sosialt nettverk på Nordvestlandet.
Næringsforeningen i Stavanger har allereie eit tilbod til arbeidstakarar frå utlandet i sin region.
Hofseth Helgå seier Næringsforeningen Ålesundregionen planlegg å kome med tilbod etter ein liknande modell.
Auka etterspørsel
I 2012 sto Næringsforeningen bak ei liknande opplegg som no er under planlegging.
No har bedrifter i regionen på nytt kome med innspel om at det er behov for liknande tiltak igjen, ifølgje Hofseth Helgå.
Det er bakgrunnen for spørjeundersøkjinga og planane om å etablere tilbod retta mot utlendingar som har flytta til Nordvestlandet.
Publisert: 14.01.2025 13:13
Sist oppdatert: 14.01.2025 13:38