Kråkebollane til Sigurd Teige er klare for lansering i det janpanske marknaden i følgje ei pressemelding frå investeringselskapet Kaston.
Opphavleg var planen å sende kråkebollane ut i marknaden i august, men no skal det skje, mellom anna med den norske fiskeriministeren til stades.
I neste omgang er målet heile verda, og Kaston er no på jakt etter investorar som vil gå inn med minst 14 millionar kroner og bli medeigarar i ei internasjonal kråkebolle-satsing, i følgje pressemeldinga.
Ein kråkebolle som går tom for mat kan gå i dvale i lang tid. Det er desse kråkebollane Kaston satsar på å hente opp av ved hjelp av dykkarar, fôre opp i norskutvikla oppdrettskasse og gjere om til eit kommersielt produkt med norskutvikla fôr.
Opphavleg var planen å sende kråkebollane ut i marknaden i august, men no skal det skje, mellom anna med den norske fiskeriministeren til stades.
Utvide marknaden
I første omgang er målet gjennomslag i Japan, der kråkebolle er ei innarbeidd delikatesse.I neste omgang er målet heile verda, og Kaston er no på jakt etter investorar som vil gå inn med minst 14 millionar kroner og bli medeigarar i ei internasjonal kråkebolle-satsing, i følgje pressemeldinga.
Betre enn vill
Japan er verdas største marknad for kråkebollar. Det er rogna som er ettertrakta, og testar som er gjort med Kastons metode viser at det er råd å fôre opp kråkbollane slik at matinnhaldet blir større enn på ein vill kråkebolle.Ein kråkebolle som går tom for mat kan gå i dvale i lang tid. Det er desse kråkebollane Kaston satsar på å hente opp av ved hjelp av dykkarar, fôre opp i norskutvikla oppdrettskasse og gjere om til eit kommersielt produkt med norskutvikla fôr.
Publisert: 23.11.2015 16:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50