Skal hjelpe med havvindstraum til ein halv million husstandar
HAVVIND: Windea Jules Verne er klar for oppdrag på havvindparken Merkur Offshore etter levering onsdag.
Nytt

Skal hjelpe med havvindstraum til ein halv million husstandar

Ulstein Verft har levert serviceoperasjonsskipet Windea Jules Verne til Bernhard Schulte Offshore GmbH.

24.06.2020
Hybridskipet skal utføre service- og vedlikehaldsoppdrag for GE Renewable Energy på havvindfarmen Merkur Offshore, opplyser Ulstein Verft i ei pressemelding.
Der vert det opplyst at på prøveturen til skipet vart alle system testa, inkludert hybridsystemet.
Havvind er ei fornybar energikjelde, og ved å introdusere eit hybridsystem på eit slikt fartøy vil drivstofforbruket og utsleppa bli reduserte - og dermed vert service- og vedlikehaldsoppdraga meir berekraftige, opplyser Ulstein.

Innreidd for 120

Havvindskipet er basert på Ulstein SX195-designet frå Ulstein Design & Solutions. Skipet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt. Det har innreiing for 120 personar.
Ulstein opplyser at fartøyet fungerer som ein "heim borte frå heimen" for mange serviceteknikarar og for mannskapet. Det er difor lagt stor vekt på å halde høg komfort for dei som er om bord.
Skipet har både X-Bow og X-Stern, som ifølgje Ulstein Verft gir mjukare rørsler i møtande sjø, noko som reduserer slag og påfølgande vibrasjonar betydeleg.
Om bord er er fleire salongar, eit spelerom og eit bibliotek i sona rundt messa, treningsrom og saunaer.

Tysk havvindsatsing

Fartøyet er utstyrt med eit tårn med personell- og utstyrsheis og ei hivkompensert gangbru for sikker overgang til vindturbinane for å yte vedlikehald og service.
I tillegg til å operere med baugen mot veret kan dette skipet også gå akterover med hekken fremst når det er i arbeid inne på vindfarmen. I tillegg kan det nytte eit mindre hjelpefartøy for å auke servicekapasiteten endå meir.
Merkur Offshore ligg utanfor Tyskland. Med sine 66 vindturbinar gir havvindparken grøn energi til om lag ein halv million husstandar.

Tunge løft

Ulstein Verft opplyser også at i løpet av eit par hektiske dagar har heile 197 løft med dekksutstyr til kabelleggingsskipet Nexans Aurora vorte løfta på land ved Ulstein Verft. Det største enkeltløftet var ein kabel-capstan som åleine veg 176 tonn.
Kabelleggingsskipet Nexans Aurora er eit stort og kompakt skip. Med sine 149,9 meter i lengde og 31 meter i breidde har det ei dødvekt på heile 17 000 tonn. Det er dimensjonert for å kunne handtere store mengder undervasskablar.
15. juni kom skroget av Nexans Aurora fram til Ulstein Verft . Nokre dagar seinare kom eit lasteskip til verftet, denne gongen med mange hundre tonn dekksutstyr som etter kvart skal installerast om bord i kabelleggaren.
Tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft har ei mobil kran som kan løfte heile 600 tonn, så verftet opplyser at det det ikkje baud på store problem å få på land den 176 tonn tunge capstanen frå Maats Tech Ltd. Denne har som funksjon å halde strekket i kabelen når han vert lagt på havbotnen.

Tre båtlastar med utstyr

Totalt skal tre båtlaster med toppsideutstyr lossast ved Ulstein Verft i samband med dette prosjektet, i tillegg kjem alt anna utstyr som vert frakta landevegen. I neste leveranse kjem sjølve kabelskiva. Denne har ein kapasitet på 10 000 tonn, og kan handtere to kablar på same tid. Vanleg diameter på kablane vil vere om lag 20 centimeter.
Inkludert i dei mange andre hiva som vart gjort, var dei to store leggehjula som skal monterast i hekken, og alle dei 264 rullane som kabelskiva skal snurre på.
Skroget til Nexans Aurora har no kome på plass inne i dokkhallen til Ulstein Verft, og utrustinga av skipet har tatt til.
Tungløftsavdelinga er no på veg til neste oppdrag, denne gong på på Fosen Yard i Rissa i Trøndelag for å transportere ein 130-tonns maskinromsseksjon. Til dette oppdraget vert det brukt to stykk Goldhofer multiwheelerar, ein ‘lett’ jobb ut frå at desse har ein samla transportkapasitet på 640 tonn.

Publisert: 24.06.2020 16:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58