Nytt
Skal jobbe helg og ferie
Ekornes sel så godt at selskapet skal bruke helgar og ferie for å få lage nok møblar.
19.06.2020
Møbelprodusenten permitterte store deler at arbeidstokken då koronepidemien kom, men kunne alt i slutten av mai melde om eit kraftig oppsving i salet, spesielt i Norden og Tyskland.
Alt då blei det varsla at det kunne bli vurdert å endre på ferieavviklinga for å forsyne kundane med møblane dei hadde kjøpt.
No er det klart at det blir produksjon i ferien, og i helgar i tillegg.
Det er på Ekornes sine fabrikkar i Sykkylven, Grodås og Fet det skal arbeidast i helgar og ferie. I Sykkylven og på Grodås blir det laga Stressless-møblar , på Fet Svane-madrasser. På fabrikken i Litauen er produksjonskapasiteten auka og det blir planlagt auke også på fabrikkane i Asia. Fabrikkane i Asia lagar IMG-møblar.
2020-resultatet kjem til å bli "vesentleg påverka" av koronakrisa, i følgje børsmelding. Først i 4. kvartal i år ventar selskapet ein meir normalisert situasjon.
Alt då blei det varsla at det kunne bli vurdert å endre på ferieavviklinga for å forsyne kundane med møblane dei hadde kjøpt.
No er det klart at det blir produksjon i ferien, og i helgar i tillegg.
Norden, Tyskland og Asia
Det er marknadar i Norden, Tyskland og deler av Asia - der smitteverntiltak er letta på - som gir veksten, i følgje børsmeldinga.Det er på Ekornes sine fabrikkar i Sykkylven, Grodås og Fet det skal arbeidast i helgar og ferie. I Sykkylven og på Grodås blir det laga Stressless-møblar , på Fet Svane-madrasser. På fabrikken i Litauen er produksjonskapasiteten auka og det blir planlagt auke også på fabrikkane i Asia. Fabrikkane i Asia lagar IMG-møblar.
Framleis på etterskot
Trass oppsvinget i mai og juni ligg Ekornes framleis på etterskot samanlikna med salet selskapet venta før koronakrisa kom.2020-resultatet kjem til å bli "vesentleg påverka" av koronakrisa, i følgje børsmelding. Først i 4. kvartal i år ventar selskapet ein meir normalisert situasjon.
Publisert: 19.06.2020 10:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58