Bygg og anlegg byggeplass illustrasjonsfoto marius 11
NYTT VERKTØY: Selskapet Paralello jobbar med å utvikle eit verktøy arkitektar og andre kan nytte under planlegging av store bustadprosjekt. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Skal lage verktøy for klimavennlege bygg

Herøy-selskap får millionpott frå forskingsrådet.

Marius Rosbach
18.12.2023

Forskingsrådet deler årleg ut store midlar til forskingsbaserte innovasjonsprosjekt i næringslivet.

I årets tildeling er selskapet Parellelo registrert i Herøy, den einaste mellom mottakarane på Nordvestlandet, ifølgje ei pressemelding.

Firmaet får 16 millionar kroner til å utvikle «GreenSpace». Det blir omtala som eit «parametrisk verktøy for optimalisering av klimavennlige leilighetsplaner med klimagassanalyse i prosjekteringsfasen».

Vil bruke kunstig intelligens
Ove Kvalsvik er dagleg leiar for Parallelo, som blei starta opp i 2019. Dei største eigarane er Leu Holding As, Hancon As, Fueled Invest 1 As og Stegg Eiendom As. Svein Ove Kvalsund er styreleiar og Lars Eirik Ulseth er styremedlem i selskapet.

I eit intervju med nettavisa Estate i fjor, fortalde personane bak satsinga korleis dei vil ta i bruk kunstig intelligens og datakraft i planlegging av bustader.

Henta kapital i fjor
Årsrapporten for 2022 viser at Parallelo henta inn drygt 4,1 millionar kroner i ny eigenkapital i fjor. Det blei også gjennomført sal av aksjar frå selskapet sin eigen behaldning.

Årsmeldinga viser også at selskapet har investert nær 11 millionar kroner i forsking- og utviklingsarbeid som vil ha ei levetid på fem år.

Resultatet før skatt enda på 2,6 millionar kroner etter fjoråret. Selskapet hadde samtidig ein eigenkapital på 9,7 millionar og langsiktig gjeld på 1,3 millionar kroner.

Delar ut 494 millionar til saman
Til saman delar forskingsrådet ut 494 millionar kroner til 39 ulike prosjekt over heile landet.

Kunstig intelligent, berekraftig omstilling og effektivisering og det grøne skiftet, er mellom områda som går igjen i mange av prosjekta som får støtte, skriv nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Prosjekta som får støtte skal utvikle nye, eller forbetra produkt, tenester eller produksjonsprosessar. Det kom inn 194 søknadar til årets runde.

Publisert: 18.12.2023 11:21

Sist oppdatert: 18.12.2023 12:19

Mer om