Kongekrabbe Vidar Ruud
KONGEKRABBE: Krabbe frå Noreg skal marknadsførast meir i utlandet, særleg i Sør-Korea og USA. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Nytt

Skal marknadsføre norsk sjømat for 300 millionar

Spania og Sør-Korea blir budsjettvinnarar for Noregs Sjømatråd sin marknadsføring.

NPK
12.11.2021

Neste år skal Noregs Sjømatråd marknadsføre norsk fisk og skaldyr i rundt 30 land for litt over 300 millionar kroner.

Budsjettet som skal dekke PR og reklamekampanjar i utanlandsmarknadene neste år er på litt over 300 millionar kroner, omtrent det same som i år.

– Vi har øyremerkt cirka 15 millionar kroner til å løfte fram skreien og annan kvitfisk i Spania. Spania er ein viktig kvitfiskmarknad, og skreien har allereie blitt eit ynda sesongprodukt blant spanjolane.

- Men det er framleis eit stort vekstpotensial, og det ønskjer vi å utnytte, seier Børge Grønbech, direktør for globale operasjonar i Noregs Sjømatråd, i ei pressemelding.

Totalt skal det brukast 28,5 millionar kroner i Spania.

Krabbefokus
Skaldyrkategorien får ein budsjettauke på 2 millionar kroner samanlikna med i år. Her blir det auka fokus og innsats på krabbe i enkelte marknader.

– 2021 har vore eit godt år for krabbe. For eksempel har det vore stor etterspurnad etter kongekrabbe i Sør-Korea, og snøkrabbe i USA. Til neste år skal vi derfor konsentrere oss litt ekstra om land der etterspurnaden og vekstpotensialet er stort, seier Grønbech. Totalt skal det brukast 32 millionar på Sør-Korea neste år.

Publisert: 12.11.2021 14:51

Sist oppdatert: 12.11.2021 14:56

Mer om