Nytt
Skal overføre skipsdata frå båt til land
Kongsberg Digital i samarbeid med amerikansk teknologiselskap testar ut nytt system for overføring av sanntidsdata frå skip til land.
02.01.2020
Utstyret er no montert om bord i forskingsfartøyet Simrad Echo, eit fartøy som er eigd og operert av Kongsberg.
I ei pressemelding vert det opplyst at amerikanske KVH Industries, Inc og Kongsberg Digital har installert deira første felles maritime IoT-system (Internet of Things, red merk) på Simrad Echo.
Dei to systema KVH Watch og Kognifai Vessel Insight vil samla utgjere ein integrert infrastruktur for IoT-tilkopling og overføring av data frå skip til land.
Kongsberg opplyser at det er stort fokus på maritim IoT blant mange aktørar for å forbetre fartøyoperasjonar gjennom overføring av data i sanntid og dataanalyse.
Systemet vil sikre full oversikt over alle hovud- og hjelpesystem om bord i Simrad Echo, slik at ekspertar i land kan utføre analyser for å optimalisere drifta av fartøyet.
Kongsberg opplyser i pressemeldinga at KVH og Kongsberg Digital vil bruke pilotprogrammet om bord i Simrad Echo til å forbetre IoT-løysinga, som er utvikla for å tilretteleggje for overvaking og ytelsesoptimalisering av eksternt utsyr om bord i fartøy frå små forskingsskip til tankskip, bulkskip og kontainerskip.

Publisert: 02.01.2020 11:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48