Skal samle inn 50 millionar
SATSING: På stiftingsmøtet for Måløy Marine Ressursenter i førre veke kom det inn over 1,7 millionar kroner i støtte frå næringslivet, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Paulsen Humborstad. 
Nytt

Skal samle inn 50 millionar

I løpet av hausten skal Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst samle inn 50 millionar kroner til Måløy Marine Ressurssenter.

21.08.2018
På stiftingsmøtet for forsking og utviklingssenter fredag i førre veke kom det inn 1,7 millionar kroner frå bedrifter i Måløy-området. Målet er tilskot på minst tre millionar kroner frå næringslivet. Humborstad er trygg på at ho skal kome nær målet og brukar mellom anna fiskerimessa Nor-Fishing denne veka til å møte moglege medspelarar.

- Det er fleire store aktørar som ikkje har kome på bana enno, seier Humborstad.
Dei 50 millionar kronene som skal samlast inn i år skal først og fremst brukast til å kjøpe utstyr til senteret.

Kompetanse på heimebane

Forsking- og utviklingssentereret skal gjere det råd for marine bedrifter i Sogn og Fjordane å få gjort forsking- og utviklingsoppdrag i nærområdet.
- Alle desse ser at dei har eit stort forsking- og utviklingsbehov, som dei må ut for å få utført, seier Humborstad.
Eit senter vil og ha positiv betydning for Måløy.
- Dette er for å bygge Måløy-samfunnet, seier Humborstad.

Fylket blir størst

Tilskotet frå det private næringslivet er viktig for å vise andre aktørar at næringslivet vil ha og vil satse for å få på plass Fou-senteret, i følgje Humborstad.
Senteret skal eigast av ei stifting der planen er at fylket skal bli det største bidragsytaren, føre kommunene og bankane. Måløy Vekst har søkt om til saman 70 millionar kroner frå fylket.

Samarbeid med Ås

Måløy-miljøet har starta eit samarbeid med Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) på Ås.
Målet er at Fou-senteret i Måløy etterkvart skal bli eit eige institutt.

Publisert: 21.08.2018 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25