Skal selje Bondalseidet med rabatt
NYE KUTT: Bondalseidet Hytteutvikling prøvde å selje hyttetomter til nedsett pris for nokre år sidan. No er det banken som skal stå for salet, og den lovar rabatt.
Nytt

Skal selje Bondalseidet med rabatt

Sparebank1 Søre Sunnmøre er snart klar for å selje hyttetomter på Bondalseidet.

19.02.2018
Banken fekk hyttetomter på begge sider av riksvegen på Bondalseidet i fanget då Bondalseidet Hytteutvikling gjekk konkurs i fjor haust.
No vil banken gjere som den gjorde med suksess på Standalseidet, etter konkursen i Standal Alpesenter i 2016, seier administrerande direktør Stig Brautaset. Det betyr sal med rundt 40 prosent rabatt, i følgje Brautaset.

Tapte på Kvivsvegen

Bondalseidet Hytteutvikling har berre seld eit fåtal hytter etter finanskrisa i 2008.
Salet starta i 2004/2005, men stoppa opp då finanskrisa kom. Då den var over var Kvisvegen opna, og kundar frå ytre søre Sunnmøre hadde brått fått kort tilgang til hyttefelt i Hornindal og Stryn.

Investerte først

Selskapet opplyste i oktober i fjor at feltet ved skitrekket på Bondalseidet har minst 15 ledige tomter, medan feltet på motsett side av riksvegen har 15-20 ledige tomter.
Bondalseidet hadde 9,1 millionar kroner i gjeld ved konkursen. Gjelda skriv seg i hovudsak frå at det blei gjort store investeringar å bygge ut infrastruktur i hyttefeltet heilt i starten.

Publisert: 19.02.2018 16:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18