Skal skaffe betre data til fiskeflaaten
AVTALE: Samarbeid mellom Idar Flø i NCMC og Karl-Johan Reite i Sintef.
Nytt

Skal skaffe betre data til fiskeflåten

Hareid-firmaet NCMC skal samarbeide med Sintef om å samle betre data til bruk for fiskeflåten.

17.12.2016
Samarbeidet gjeld tre prosjekt der alle har som mål å samle inn ressursdata frå fiskeflåten for meir effektiv fangst og betre bestandsestimering.
Dette opplyser Idar Flø, direktør for NCMC (Noprwegian Center for Maritime Communication) i ei pressemelding.
Flø opplyser at prosjektet DataBio vil utvikle grunnlaget for bruk av data frå fiskefartøy for bestandskartlegging og effektivt fiskeri ved hjelp av Big Data.
Prosjektet MarData vil baseres på resultata frå DataBio. Prosjektet vil ha tilstrekkeleg mange fartøy til å gi både fiskefartøy og forvaltning eit betre beslutningsgrunnlag.
Prosjektet Sea Ern OceanIntel vil baserast på eksisterande utstyr om bord og vere leverandøruavhengig ved innsamling av fiskeridata.

Fartøy over 11 meter

Flø opplyser at målsetjinga er å ha med alle fartøy over 11 meter.
- Til saman vil disse tre prosjekta dekke alle norske fartøygrupper og deira fangstområder. Prosjekta vil også søke å utplassere utstyr på andre typer kommersielle fartøy, som ferjer, offshore eller fraktefartøy.
Innanfor desse kategoriane finst det 1.124 fartøy.
- Vi startar med norsk fiskeri, men prosjektet vil ha eit betydelig potensiale, seier Flø i pressemeldinga.

Publisert: 17.12.2016 22:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04