Nytt
Skal spare 20 millionar på ny fabrikk
Den nye fabrikken Global Fish skal bygge i Egersund skal kutte 20 millionar kroner i årlege kostnadar.
06.10.2017
Global Fish skal bygge eit fabrikk- og lagerbygg til mellom 250 og 270 millionar kroner i Egersund .
Den nye fabrikken vil bety ein vesentleg auke i effektiviteten, både samanlikna med korleis Global Fish driv i Egersund i dag og også samanlikna med norsk pelagiske industri generet, i følgje dagleg leiar Geir Robin Hoddevik.
- 40 prosent kutt i variable kostnadar, seier han om resultatforbetringa selskapet ventar å oppnå.
Den kostnadsreduksjonen Hoddevik ser for seg utgjer rundt 20 millionar kroner i året for Global Egersund, som er eit datterselskap av Global Fish. Global Egersund hadde 388 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt 11,7 millionar kroner i fjor.
Etter at dei gjekk ut av Pelagia i 2012 og reetablerte Global Fish satsa Hoddevik, Teige og Dal på nytt i pelagisk industri gjennom Global Fish. Dei etablere seg i leigde lokale i Egersund i 2013, lokale som dei skal ut av i løpet av 2019.
Rett ved sidan av Global sitt anlegg reiser Prima Protein ein fiskemjøl- og fiskoljefabrikk som blant anna skal bruke restråstoff frå slik produksjon som Global-anlegget skal drive med.
Investeringa i Egersund påverkar ikkje prosjektet på Mjøsatadneset, seier han
Planen var å ha ferdig eit forprosjekt for utbygginga til slutten av september, og deretter avgjere om og korleis det skulle arbeidast vidare med planane.
Forprosjektet er litt forseinka, og er venta klart i midten av oktober, i følgje Teige.
Den nye fabrikken vil bety ein vesentleg auke i effektiviteten, både samanlikna med korleis Global Fish driv i Egersund i dag og også samanlikna med norsk pelagiske industri generet, i følgje dagleg leiar Geir Robin Hoddevik.
- 40 prosent kutt i variable kostnadar, seier han om resultatforbetringa selskapet ventar å oppnå.
Sparer 20 millionar
Meir automatisering og dermed mindre folk pr. skift er ein av nøklane til å få kostnadane ned. Selskapet vil ha rundt 60 tilsette under fileteringa, men aukar kapasiteten pr. tilsett.Den kostnadsreduksjonen Hoddevik ser for seg utgjer rundt 20 millionar kroner i året for Global Egersund, som er eit datterselskap av Global Fish. Global Egersund hadde 388 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt 11,7 millionar kroner i fjor.
Comeback i pelagisk industri
Geir Robin og broren Jan Otto, saman med fiskebåtreiane Sigurd og Knut Teige og Birger Dal, var blant inititiativtakarane til det som i dag er blitt Pelagia, den største aktøren i norsk pelagisk industri. Pelagisk industri tek mot sild, makrell og andre pelagiske fiskeslag. Global Fish sitt nye anlegg i Egersund skal filetere pelagisk fisk for forbrukarmarknaden.Etter at dei gjekk ut av Pelagia i 2012 og reetablerte Global Fish satsa Hoddevik, Teige og Dal på nytt i pelagisk industri gjennom Global Fish. Dei etablere seg i leigde lokale i Egersund i 2013, lokale som dei skal ut av i løpet av 2019.
Rett ved sidan av Global sitt anlegg reiser Prima Protein ein fiskemjøl- og fiskoljefabrikk som blant anna skal bruke restråstoff frå slik produksjon som Global-anlegget skal drive med.
Teige med eigne planar
Sigurd Teige har og sitt eige pelagiske industriprosjekt, på Mjølstadneset i Herøy. Det skal ta moderniseringa av industrien enda eit steg vidare, kanskje og med teknologi som enno ikkje er utvikla, i følgje Teige.Investeringa i Egersund påverkar ikkje prosjektet på Mjøsatadneset, seier han
Planen var å ha ferdig eit forprosjekt for utbygginga til slutten av september, og deretter avgjere om og korleis det skulle arbeidast vidare med planane.
Forprosjektet er litt forseinka, og er venta klart i midten av oktober, i følgje Teige.
Publisert: 06.10.2017 15:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14