Skal ta vare paa energien fraa Kystruten skipa
KYSTRUTEN: Havila Kystruten satsar på å  hente ut og gjenbruke overskotsvarmen som er i eksos og kjølevatn gjennom å ta i bruk Ulmatec Pyro sitt Waste Energy Management System.
Nytt

Skal ta vare på energien frå Kystruten-skipa

Ulmatec Pyro skal sørge for at Havila Kystruten sine fire skip utnyttar meir overskotsvarme enn nokon annan. Det gir stor miljøgevinst.

27.05.2019
Søvika-baserte Ulmatec Pyro har inngått kontrakt for levering av Ulmatec Pyro Waste Energy Management System til dei fire kystcruise-skipa til Havila Kystruten.

Leveransen består av eit system som betre utnyttar overskotsenergien frå eksos og kjølevatn frå motorane, noko som vil ha ei stor effekt i reduserte utslepp, opplyser Ulmatec Pyro i ei pressemelding.
- Overskotsenergi er gratis og har null utslepp. Det meste av overskotsenergien frå motorane kan enkelt bli utnytta ved å identifisere, hente ut og gjenbruke overskotsvarmen som er i eksos og kjølevatn, seier salssjef Karstein Nygård i Ulmatec Pyro.

Over 100 leveransar

Ulmatec Pyro introduserte sitt Waste Energy Management System til marknaden i 2011 og har sidan levert over 100 system til offshoreskip, offshoreriggar, fiskebåtar, isbrytarar, forskingsskip, ferjer og cruiseskip.

- Cruiseindustrien er svært fokusert på å oppnå ekstrem miljø- og energieffektivitet, som responderer på marknaden sine krav til reinare luft og for å bevare verdshava og uberørte kystlinjer, seier Nygård i pressemeldinga.

Store innsparingar

Ulmatec Pyro opplyser at selskapet sitt Waste Energy Management System utnyttar 'grøn energi' ved varmegjenvinning frå både høgtemperatur- (HT), lavtemperatur- (LT) motorkjølesystem og eksos.
Selskapet viser til at systemet gir lavare driftskostnader, forbetrar energieffektiviteten, og held installasjonskostnadene nede.
Ifølgje Ulmatec Pyro vil for kvar 1 000 kW med energi frå drivstoff som vert levert til ein generator, berre rundt 350 kW normalt verte brukt til framdrift. Minst 600 kW av den produserte energien går normalt tapt gjennom eksos og kjølevatn, slik at berre 35 prosent av energien vert brukt effektivt.

Viktig kontrakt

Områdesalssjef Per Kristian Urkedal opplyser til NETT NO at det er snakk om ei relativt stor kontrakt ettersom kontrakten gjeld fire bygg der Ulmatec Pyro leverer både maskin-kjølesystem og sentralvarmesystem, med varmegjenvinning.
- Det er vel få, om ingen skip som vil hente ut og utnytte så mykje overskotsvarme som Kystruten, noko som gir enorme reduksjonar i utslepp.
- Kontrakten er også viktig for oss som leverandør, då det er mange som følgjer med på kva Kystruten gjer for å få energieffektive skip, seier Urkedal..
Det er vel få, om ingen skip som vil hente ut og utnytte så mykje overskotsvarme som Kystruten

Publisert: 27.05.2019 09:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35