Droneakademiet skal sørgje for det faglege innhaldet, medan Fagskolen får ansvar for mellom anna akkreditering, kvalitetssystem, studentadministrasjon og rapportering, skriv avisa Nyss.
Målet er å kome i gang med utdanningstilbodet hausten 2026, fortel dagleg leiar og eigar Alexander Sandnes.
Utdanninga til dronepilot skal ta eitt semester og foregå ved ein kombinasjon av samlingar og over nett.
– Det er mange som etterspør dronekompetanse, seier Sandnes til Nett No.
Utdanning vil gi studiepoeng, og samlingane skal haldast på Sykkylven vidaregåande skule.
I fjor hadde Droneakademiet 3,8 millionar kroner i driftsinntekt og ein million kroner i resultat før skatt.
Publisert: 11.12.2025 13:28
Sist oppdatert: 11.12.2025 13:28






