Skal utvikle dronar for offshore frakt
TESTING: Kan ubemanna helikopter ta over jobben som kraner gjer i dag vil laste og losseoperasjonar offshore bli mindre krevande.
Nytt

Skal utvikle dronar for offshore-frakt

Drone-produsent Griff Aviaton skal utvikle dronar som kan overta kranarbeid offshore.

20.11.2018
Griff Aviaton, reiarlaget Olympic Subsea i Herøy, teknologselskapet Stable i Arendal og forskring og innovasjonsselskapet Norut i Tromsø har inngått partnarskap for å utvikle bruk av ubemanna helikopter til å frakte gods mellom offshorefartøy og offshoreinstallasjonar.
Prosjektet “Sikrere logistikk fra fartøy med ubemannet logistikkhelikopter" har støtte frå Norges Forskningsråd, i følgje ei pressemelding frå Griff Aviaton.
Griff Aviaton sine dronar er bygd for å kunne frakte last på fleire hundre kilo. Prosjektet skal finne ut kva som skal til for at dei også kan brukast til havs og under vansklege vêrtilhøve.

Publisert: 20.11.2018 13:42

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:26

Mer om