Skifta namn foer konkursen
SLUTT: Anders Grimstad og Øyvind Grimstad Gryt hausta prisar for ølet sitt, og nesten dobla salet i 2016. No er selskapet konkurs.
Nytt

Skifta namn før konkursen

To dagar før konkursen skifta Grim & Gryt Økobryggeri namn.

15.12.2017
Etter det NETT NO har grunn til å tru er namneskiftet eit teikn på at det blir arbeidd for å få gang ny drift i bryggeriet etter konkursen.
Øyvind Grimstad Gryt og Anders Grimstad i Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid varsla i september i år at dei var på jakt etter investor i bryggeriet.
- Vi er i dialog om å få meir kapital inn i selskapet, sa dagleg leiar og medeigar Øyvind Grimstad Gryt.

I dag gjekk selskapet til skifteretten. Då heitte det Consulting as.
-Det har vore eit veldig tungt år,

Auke før nedtur

Grim & Gryt gjekk med 0,1 millionar kroner i 2016, etter å ha auka driftsinntektene frå ein til 1,8 millionar kroner i fjor.
Men veksten i 2016 held ikkje fram i 2017.
Selskapet hadde ei gjeld på cirka 2,5 millionar kroner ved konkursopninga.

Tøffare marknad

Dei sju bryggeria i NETT NO si oversikt over bryggeribransjen på Nordvestlandet selde øl for til saman over 10 millionar kroner i fjor.
Det er meir enn dobbelt så mykje som i 2015. Resultatet blei eit lite underskot samla sett, om lag som i 2015 målt i kroner. Fire av sju bryggeri gjekk i minus
Dagleg leiar Jørund Ringset i Trollbryggeriet, som er det eldste av bryggeria på Nordvestlandet, sa i september at han merkar at kampen om hylleplass i butikkane har hardna til.
- For nokre år sidan sto dei berre og jaga oss inn, sa Ringset om mottakinga i butikkane.

Publisert: 15.12.2017 10:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16