Skipsteknisk kontrakt paa fiskebaat
FIRE TRÅLAR: Fabrikktrålaren Skipsteknisk teiknar for reiarlaget Havborg på Færøyane kan utrustast for å taue fire trålar samstundes.
Nytt

Skipsteknisk-kontrakt på fiskebåt

Teiknar fabrikktrålar for reiarlag på Færøyane.

12.06.2020
Skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund har inngått ein avtale om å teikne ein 87,5 meter lang og 18 meter brei fabrikktrålar for reiarlaget "Havborg" på Færøyane.
Trålaren skal byggast hos Tersan Shipyard i Trykia og blir utrusta med rekefabrikk, ein avansert filetfabrikk og mjølfabrikk, i tillegg til at skipet får anlegg for frysing av pelagiske artar, skriv Skipsteknisk i ei pressemelding.
Det blir utrusta for å taue tre trålar samstundes og kapasiteten kan seinare utvidast til fire trålar.
Skipet har plass til eit mannskap på 40 personar.

Ingenting er avlyst

Lidvard Liaset er områdesalgsjef Fiskeri i Skipsteknisk. Han er optimist.
- Vi har hatt litt permitteringar, men håpar vi skal vere i full drift over sommaren, seier han.
Koronakrisa fekk fiskebåtreiarane til å utsette planlaget nybygg, men ikkje avlyse prosjekta.
- Vi jobba med eit bra antal med prosjekt før denne krisatraff og og ingen av dei er avlyst, seier Liaset.

Publisert: 12.06.2020 12:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58