Hvorfor Stad skipstunnel
MÅ VENTE TL HAUSTEN: Randi Humborstad i Måløy Vekst skulle stå i spissen for ein Skipstunnelkonferanse ombord på Havila Capella torsdag. No er konferansen utsett.
Nytt

Skiptunnel-konferanse utsett

Råka av Russland-sanksjonane. Prøver igjen i september.

02.05.2022

Torsdag 5. mars skulle vekstselskapa for Kinn, Stad og Vanylven arranger ein konferanse for aktørar med interesse i og rundt Stad Skipstunnel.

No er den utsett til september i år, ifølgje ei pressemelding.

Sanksjonsfast i Bergen
Planen var at konferansedeltakarane skulle gå ombord i Havila Kystruten-skipet Havila Capella i Måløy om morgonen torsdag 5. mai, og bli med til Ålesund. Turen skulle mellom anna omfatte ein avstikkar inn i Moldefjorden på sørsida av Stadlandet, der tunnelinnslaget for skipsutunnelen skal starte.

Men Havila Capella manglar godkjent forsikringsdekning på grunn av at skipet er omfatta av sanksjonane mot Russland, og framleis ligg ved kai i Bergen.

Tidlegare i dag avlyste Havila Kystruten avgangen frå Bergen 4. mai, og dermed måtte arrangøren av Skipstunnelkonferansen utsette sine planar.

Russisk finansiert
Havila Capella er eigd av eit datterselskap av det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK, som er omfatta av vestlege sanksjonar etter at Russland starta krig mot Ukraina.

GTLK-selskapet eig Havila Capella og leasar det attende til Havila Kystruten.

Norske styresmakter har gitt Havila Capella mellombels dispensasjon frå sanksjonane, men forsikringa er inntil vidare omfatta av sanksjonane, og dermed blir skipet liggande i Bergen.

Publisert: 02.05.2022 14:00

Sist oppdatert: 02.05.2022 14:02

Mer om