Skisenter slit med likviditeten
Skisenteret hadde god omsetning siste sesong, men gjekk likevel med tap.
Rauma skisenter i Skorgedalen hadde i sesongen 2020/2021 ei omsetning på 890.000 kroner. Det er tangering av rekorden, men senteret fekk likevel eir underskot på vel 200.000 kroner.
Noko av grunnen til dette skuldast store vedlikehaldskostnader på girkasse og endehjul, opplyser styret i årsmeldinga.
Skisenteret kunne heller ikkje halde ope i romjula, påske eller vinterferien på grunn av koronarestriksjonar.
Rauma skisenter | |||
Årsresultat (i tusen kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 890 | 894 | |
Driftsresultat | -188 | 68 | |
Resultat før skatt | -202 | 61 |
Likviditetslån
70 prosent av omsetningsfallet vart kompensert med 145.600 kroner frå den statlege støttepakken for frivillige organisasjonar.
Skisenteret har likevel sett seg nøydde til å ta opp eit likviditetslån på 200.000 kroner i år, samt opprette kassakreditt, for å dekke vedlikehaldskostnader på skiheisa.
Skisenteret har tre nedfarter, i tillegg til kuleløype og turløyper.
Skisenteret opplyser på si Facebook-side at det har vore stor tilstøyming av skigjester etter nyttår.
Rauma skisenter er dugnadsdrive, og der Åndalsnes IF er største aksjonær med 34,5 prosent av aksjane. Rauma kommune eig 6,9 prosent.
Publisert: 11.01.2022 06:07
Sist oppdatert: 11.01.2022 09:42