Dagfinn Neteland Fjord 1 foto Ogne
KRYMPAR GJELDA: Fjord1 Dagfinn Neteland har krympa netto renteberandegjeld med 448 millionar kroner på eitt år, og selskapet skal bruke auka lønsemd til ytterlegere nedbetaling på gjelda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skjerma mot korona

Fjord1 frakta ti prosent færre køyretøy og ni prosent færre passasjerar i første kvartal, men avtalane med stat og fylke skjermar selskapet mot slike nedturar.

20.05.2021

Det er koronaepidemien og tiltaka mot den som er grunnen til trafikknedgangen. Meir heimekontor gir færre reisande.

For Fjord1 har trafikknedgangen avgrensa direkte betydning:

"fleirtalet av kontraktane til Fjord1 baserte på kapasitet og tal på avgangar snarare enn passasjertal, og dette gjer at inntektene i ferjesegmentet i stor grad er skjerma mot endringar i trafikkvolum på kontraktane", skriv selskapet i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2021.

Også avtalane om drift av hurtigbåtar skjermar Fjord1 mot passasjernedgang.

Mindre trafikk og koronatiltak har først og fremst gått ut over salet av mat og drikke ombord. Samanlikna med 1. kvartal 2020 har Fjord1 ikkje lenger avtalen om å trafikkere Molde-Vestnes, og til saman er dette hovudårsaka til fallet i driftsinntekter (sjå tabell).

Les børsmelding her

I pluss
Både finanskostnadane og driftskostnadane går ned, og det gjer at Fjord1 går i pluss i første kvartal i år. I første kvartal 2020 var det minusresultat.

Det er billegare å drive elferjer enn dieselferjer, og selskapet tener meir dess raskare bygging av infrastruktur for straumforsyning og lading for sambanda blir ferdig.

"Driftskostnadene fall med 13 prosent til 478 millionar kroner i første kvartal, og den lågare kostnadsprosenten reflekterer lågare driftskostnader i dei nye kontraktane. Kostnadsutviklinga framover vil avhenge av når elektrifiseringsprosjekta vert ferdige, og av oppstart av dei siste
heilelektriske rutene. Når desse prosjekta er ferdige, forventar selskapet at kostnadene stabiliserer seg på eit lågare nivå.",
skriv selskapet i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Reduserer gjeld
Fjord1 har ein avtale om å få att pengar som selskapet har forskottert til bygging av infrastruktur for lading av ferjene.

Saman med betra lønsemd og reduserter investeringar gjer det at selskapet redusere den nettor renteberande gjelda gjennom 2021.

Ved utgangen av 1. kvartal 2021 var netto renteberande gjeld 5,4 milliardar kroner, 448 millionar kroner mindre enn ved utgangen av 1. kvartal 2020.

Fjord1 ASA
1. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter691752
Driftsresultat5571
Resultat før skatt10-35

Publisert: 20.05.2021 08:39

Sist oppdatert: 20.05.2021 13:01