Avtalane Fjord1 har om å trafikkerer offentleg finansierte ferjestrekninger er i stor grad knytt til å kor ofte ferjene går og kor stor kapasitet dei har, i staden for til trafikken. Det har skjerma hovudverksemda til det børsnoterte selskapet - ferjedrifta - frå konsekvensen av koronaepidemien og tiltaka mot den, som har gitt ein stor reduksjon i trafikken.
I andre kvartal gjekk talet på registrerte passasjerar ned med 37 prosent og talet på bilar ned med 21 prosent, samanlikna med 2. kvartal i 2019. I første halvår var passjernedgangen på 32 prosent og nedgangen i bilar 25 prosent.
Ferjeneverksemda hadde i driftsinntekt på 1,3 milliardar kroner i 1. halvår og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 419 millionar. Tilsvarande tal for 1. halvår 2019 var 1,2 milliardar og 357 millionar kroner, som betyr at lønsemda er på same nivå i år som i fjor.
Turistverksemda gjekk imidlertid i minus (ebitda på minus 15 millionar kroner i 1. halvår).
For hurtigbåtruten slår den same mekanismen som for ferjene inn, og der auka driftsinntektene til 60 millionar kroner i første halvår og driftsresultatet før av og nedskrivingar ble 30 millionar kroner.
Den langsiktiger gjelda i selskapet er auka frå 3,3 milliardar kroner i første halvår 2019 til 5,8 milliardar i 1. halvår 2020 og auka rentekostnadar er hovedårsak til eit redusert resiultat før skatt i første halvår, samanlikna med 1. halvår i 2019. (sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida.)
I andre kvartal gjekk talet på registrerte passasjerar ned med 37 prosent og talet på bilar ned med 21 prosent, samanlikna med 2. kvartal i 2019. I første halvår var passjernedgangen på 32 prosent og nedgangen i bilar 25 prosent.
Ferjeneverksemda hadde i driftsinntekt på 1,3 milliardar kroner i 1. halvår og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 419 millionar. Tilsvarande tal for 1. halvår 2019 var 1,2 milliardar og 357 millionar kroner, som betyr at lønsemda er på same nivå i år som i fjor.
Turisttap
Inntekten frå kioskdrifta i ferjene blei omlag halvert i første halvår - til 33 millionar kroner - på grunn av færre passasjerar stengte kioskar. Permitteringar kutta kostnadar og sikra eit driftresultat omlag i balanse.Turistverksemda gjekk imidlertid i minus (ebitda på minus 15 millionar kroner i 1. halvår).
For hurtigbåtruten slår den same mekanismen som for ferjene inn, og der auka driftsinntektene til 60 millionar kroner i første halvår og driftsresultatet før av og nedskrivingar ble 30 millionar kroner.
Rentekostnadar
Fjord1 er i ferd med å avslutte eit omfattande nybyggingsprogram.Den langsiktiger gjelda i selskapet er auka frå 3,3 milliardar kroner i første halvår 2019 til 5,8 milliardar i 1. halvår 2020 og auka rentekostnadar er hovedårsak til eit redusert resiultat før skatt i første halvår, samanlikna med 1. halvår i 2019. (sjå tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida.)
Publisert: 19.08.2020 09:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01