Anders Riise foto Ogne
SKUFFA: Fylkesordførar Anders Riise i Møre og Romsdal hadde håpa på kompensasjon for kostnaden med å elektrifiser ferjene. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skuffa over ferjestøtte

Ferjefylka ville ha ein milliard. Fekk 50 millionar kroner.

07.10.2024

-Det er veldig skuffande at dei ikkje tek tak i det som går på fylkesferjedrift, seier fylkesordførar Anders Riise (H) i Møre og Romsdal.

Fylka på Vestlandet og i Nord-Noreg har foreslått ei løyving på ein milliard kroner for å kompensere for kostnadsauken med med å drive ferjesambanda som e fylkeskommunalt finansiert.

Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner for å kompensere fylkeskommunane for meirkostnadar ved å følgje ferjekravet i neste års statsbudsjett, heiter det i ei pressemelding frå Samferdelsdepartementet. 

Dyr elektrifisering
Det er krav og mål om å elektrifisere ferjedrifta, i tillegg til generell kostnadsauke, som ligg bak framlegget frå ferjefylka om ein milliard kroner i støtte. 

Elektrifisering kravde både nye ferjer og oppgraderte ferjekaier, og utan denne kostnaden hadde det ikkje vore behov for ei ekstra støtte, ifølgje Riise.

Må kutte tilbod
Ut frå storleiken på ferjetrafikken skulle Møre og Romsdal fylke fått 170 millionar kroner av milliarden ferjefylka meiner dei burde få.

Nå pengane ikkje kjem er konsekvensen at fylket må redusere ferjetilbode på dei fylkeskommunlae ferjestrekningane, ifølgje Riise.

Publisert: 07.10.2024 12:30

Sist oppdatert: 07.10.2024 12:30