- Eg er veldig skuffa. Dette er ikkje dei signala vi har fått, seier dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne i Plussreiser i Ålesund etter at regjeringa i revidert nasjonalbudsjett lanserte ei låneordning for pakkereiseselskapa.
Låna skal brukast til å betale reiseselskapa sine kundar attende forskotsbetaling på reiser som ikkje har blitt noko av.
Pakkereiseselskapet Plussreiser, med hovudkontor i Ålesund, har måtte avlyse 100 turar etter at koronaepidemien kom. 2020 låg an til å bli eit rekordår, men slik blir det ikkje.
- Det er ingen reiseselskap som kan låne seg ut av denne krisa, seier Kindervåg Halsne.
For Plussreiser er det ikkje aktuelt å nytte seg av låneordninga, seier ho.
Selskap som Plussreiser har hamna i skvis mellom kundane som vil ha refundert forskotsbetaling, og leverandørane - hotell, fly- og transportselskap - som held att refundering forskotsbetalinga dei har fått frå reiseselskapa. For reiseselskapa går pengane ut, medan det er uvisst om dei kjem inn.
- Vi får håpe Stortinget ikkje vedtek det regjeringa har lagt fram, seier ho.
Låna skal brukast til å betale reiseselskapa sine kundar attende forskotsbetaling på reiser som ikkje har blitt noko av.
Pakkereiseselskapet Plussreiser, med hovudkontor i Ålesund, har måtte avlyse 100 turar etter at koronaepidemien kom. 2020 låg an til å bli eit rekordår, men slik blir det ikkje.
Venta støtte
Kindervåg Halsne seier bransjen hadde venta ei tilskotsordning, ikkje ei låneordning.- Det er ingen reiseselskap som kan låne seg ut av denne krisa, seier Kindervåg Halsne.
For Plussreiser er det ikkje aktuelt å nytte seg av låneordninga, seier ho.
Selskap som Plussreiser har hamna i skvis mellom kundane som vil ha refundert forskotsbetaling, og leverandørane - hotell, fly- og transportselskap - som held att refundering forskotsbetalinga dei har fått frå reiseselskapa. For reiseselskapa går pengane ut, medan det er uvisst om dei kjem inn.
Håpar på Stortinget
No set Kindervåg Halsne si lit til politiske handsaminga av framlegget til revidert nasjonalbudsjett.- Vi får håpe Stortinget ikkje vedtek det regjeringa har lagt fram, seier ho.
Les også:
Publisert: 12.05.2020 16:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57