Skulesjefen Midt i blinken for oss
OPNA MØTEPLASS: Skulesjef Vegard Sæter Gurskevik (t.v.) i Ulstein, dagleg leiar Kjersti Kleven i Skaparhuset og styreleiar Jan Thormodsæter i Skaparhuset. 
Nytt

Skulesjefen: - Midt i blinken for oss

- Må også opplevast som nyttig for næringslivet, påpeika banksjef ved opning av ny møteplass for bedrifter og unge i Ulsteinvik.

Marius Rosbach
14.08.2020
Fredag opna Skaparhuset i Ulsteinvik som skal vere ein møteplass for både skule, næringsliv og kommune.
Målet er at lokala i sentrum skal utløyse skaparglede og innovasjon på tvers av grupper som møtast til vanleg.

Vil oppdage og utvikle talent

Dagleg leiar Kjersti Kleven var godt nøgd med oppmøte ved opninga. Både ordførar, andre kommunetoppar og næringslivsleiarar hadde teke turen.

- Eg er ganske sikker på at mange av dokke ikkje er vande med å samarbeide, og det er eit godt utgangspunkt for det som skal skje her, sa Kleven.
Ho legg ikkje skjul på at vegen vil bli til medan dei går, men arbeidet skal dreie seg om læring, utvikling og innovasjon.
- Her skal talent bli oppdaga og få utvikle seg, sa ho.
Seinare fredag er det ope for alle som er nysgjerrige på kva det nye tilbodet er.

Leiar i Ulstein næringsforum:


Skulesjefen: - Midt i blinken for oss

Kommunen har i skulen og arrangerer mellom anna kodeklubb for skuleelevar.
Grunnskulen i Ulstein har allereie booka seg inn og har som mål å ha elevar i lokala kvar dag.
- Vi har jobba mykje med teknologi i ulsteinskulen. No har vi lyst til har lyst til å ta med elevane hit og gi dei verktøy og idear, også håpar vi at dette kan bli ein møteplass inn mot næringsliv. Vi ønskjer at deira idear skal møte våre elevar og ferdigheitar - og sjå kva som skjer, fortel skulesjef Vegard Sæter Gurskevik.
Arbeidet er allereie inne i planane for korleis skulane skal jobbe utover hausten. Samtidig erkjenner skulesjefen at det førebels er litt uklart korleis bruken vil utvikle seg.
- Vi har ein ny læreplan som legg vekt på kreativitet og skapande prosessar, i tillegg til leik og læring. Då trur vi dette er midt i blinken for oss, legg han til.

Må vere nyttig for næringslivet

Banksjef Ellen Kvalsund i Sparebanken Møre påpeika under den formelle opninga at det er avgjerande at Skaparhuset også blir nyttig for næringslivet.
- Det er kjekt for skulane og kommunen, men det må også opplevast som nyttig for næringslivet for at dette skal bli den arenaen ein har tenkt at det skal vere, påpeika ho.
Kvalsund streka under at næringslivet må finne ut korleis dei vil bidra for å nå det målet.

Breitt samarbeid

NCE Ikuben tok initiativ til prosjektet saman med Ulstein kommune. Kjersti Kleven påpeika likevel at Skaparhuset vil vere til nytte for heile regionen - og ikkje berre Ulstein.
Det er eitt breitt spekter av samarbeidspartnarar som no er blitt med i arbeidet: Høgskulen i Volda, Mafoss, ProtoMore kunnskapspark, Sparebanken Møre, Ulstein Næringsforum, Ulstein vidaregåande skule og ÅKP.
Prosjektet har fått økonomisk støtte av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Sparebanken Møre.

Les også:



Vi har ein ny læreplan som legg vekt på kreativitet og skapande prosessar, i tillegg til leik og læring. Då trur vi dette er midt i blinken for oss

Publisert: 14.08.2020 21:43

Sist oppdatert: 03.07.2021 08:38