NPK: Opplysningane kjem fram i ein ny vitskapleg artikkel der havforskarar har sett nærmare på tidlegare studiar av uregistrert fiskedød for sild og makrell i Nordaust-Atlanteren, fortel Havforskingsinstituttet på eigne nettsider.
Instituttet har tre forklaringar på det store fisketapet. Den eine heng saman med at fangsten blir kasta på sjøen fordi det mellom anna er feil art eller fordi det er fisk som gjev dårleg betaling. For det andre kan fisken døy når fiskarane vil sleppa ut fisken frå ei samansnurpa not.
Uregistrert tap
– Dersom dette blir gjort feil, vil mykje av fisken døy av stress, trengsel og skjeltap. Det same skjer dersom fangen er for stor og sprengjer nota, seier havforskar Maria Tenningen.
Felles for desse tre forklaringane er at den døde fisken ikkje blir registrert. Det fører igjen til at forskarane får feil grunnlag til å rekna ut fiskekvotane, meiner Havforskingsinstituttet. Dette kan igjen påverka både kor berekraftig og lønsamt fisket er, meiner dei.
Publisert: 01.09.2021 09:38
Sist oppdatert: 01.09.2021 09:42