2048px CSIRO Science Image 7439 Atlantic salmon in tanks
SLAKT: 535.000 laks i eit av Måsøval-konsernet sine oppdrettsanlegg i Vartdalsfjorde blir slakta etter påvist ILA-smitte. Illustrasjonsfoto: Wikimedia Commons/Peter Whyte, CSIRO
Nytt

Slaktar ut etter sjukdomsutbrot

Måsøval-anlegg i Vartdalsfjorden smitta.

30.08.2022

Måsval skal slakte 535.000 laks frå oppdrettsanlegget sitt i Slettvika i Vartdalsfjorden. Fisken har ei gjennomsnittsvekt på tre kilo.

Grunnen er utbrot av laksjukdomen infeksiøs lakseanemi (ILA). Laksen skal slaktast så snart som råd, går det fram av halvårsrapporten til selskapet.

Les børsmelding her

Måsøval melde om mistanke om ILA-smitte i anlegget 19. august i år og skreiv i melding at fisken skulle slaktas dersom smitte vart påvist.

Kjøpte Vartdal-selskap
Det børsnoterte Måsøval-konsernet kjøpte i 2021 oppdrettsverksemda som Ottar Vartdal hadde bygd opp for 1,5 milliardar kroner.

Anlegget med ILA-smitte er eitt av dei anlegga som kjøpet omfatta.

Publisert: 30.08.2022 12:45

Sist oppdatert: 30.08.2022 12:46