Einar Holsvik foto Marius Rosbach
SALET TOK SEG OPP: Etter det første koronasjokket vart utlånsviljen større hos bankane. Det setter fart på bustadsalt, meiner Einar Holsvik foto Marius Rosbach
Nytt

Slapp ikkje gasspedalen då koronaepidemien kom

Einar Holsvik i Norhus Ørsta køyrde på då koronaepidemien kom. Det betalte seg etter få månader.

21.07.2021

Etter eit 2019 der tilbakehaldne bankar la ein dempar på bustadsalet starta det betre i 2020, før koronaepidemien kom og det var bråstopp.

- Eg tenkte at vi gira opp, seier dagleg leier Einar Holsvik i Norhus Ørsta.

Selskapet hadde 48 bustadar ved Mjøstadneset i Herøy og 38 bustadar på Saunes i Ulstein under utvikling. I staden for permittering og nøling, blei det graving og bygging.

- Vi berre byrja å bygge, seier Holsvik.

Setter fart på salet
I starten av mai hadde folk fått summa seg etter det første koronasjokket, dei fleste såg at dei hadde både jobb og inntekt som før, og bankane vart også meir viljuge til å gi lån, etter Holsvik si vurdering.

Då blei det ein fordel å vere i gang, og både i Herøy og Ulstein gjekk salet kjappare unna enn det ville ha gjort i ein normal situasjon, meiner han.

367 bustadar
Norhus Ørsta er det største selskapet under Tema Holding-paraplyen.

Selskapet kjøper grunn, utviklar tomter og byggjer bustadar, som regel to-, fire- eller seksmannsbustadar.

Søsterselskapet Tema Vest byggjer einebustadar på tomter andre eig. Begge selskapa driv på Sunnmøre. (Tema Vest-tala for 2020 er ikkje offentlege enno).

Per i dag har selskapa 367 bustadar under utvikling, på stadia frå reguleringsplanlegging til og fram til overlevering. Det er omlag det normale nivået for selskapa, ifølgje Holsvik.

I år reknar han med eit år omalg som i fjor for Norhus Ørsta og markert vekst for Tema Vest, som så langt har eit sal over 20 prosent over tilsvarande tidspunkt i fjor.

To eigarar
Tema Holding har to eigarar, Holsvikfamiliens selskap Haakon (53,4 prosent) og Per Sigvald Hoggens selskap Bisep Holding (46,6 prosent).

Under Tema Holding er også Overvik Bolig, som arbeider med eitt større prosjekt i Trondheim.

Tema Holding offentleggjer ikkje konsernreknskap, men som majoritetseigar har Haakon as konsernreknskap for sin andel i konsernet.

Norhus Ørsta as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt88,6108,1
Driftsresultat8,04,2
Resultat før skatt3,7-0,7
Haakon as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt167,5116,3
Driftsresultat11,56,1
Resultat før skatt7,20,03

Publisert: 21.07.2021 16:18

Sist oppdatert: 21.07.2021 18:49