Slik vert nybygget paa Strandafjellet
SERVICEBYGG: Her vert det kafé, restaurant, skiutleige og mykje anna i det nye servicebygget til Strandafjellet skisenter.
Nytt

Slik vert nybygget på Strandafjellet

Sjekk planane for nytt servicebygg og meir enn 250 nye fritidsbustader. 

07.08.2020
Bygget vert på 1.000 kvadratmeter fordelt på tre etasjar, opplyser prosjektleiar Mats Riksheim.

I underetasjen vert det fasilitetar for dei tilsette, som spiserom, garderobe, lager, frys/kjøl for kjøken, samt ei eiga avdeling for Skipatruljen/Røde Kors.
I 1. etasje vert det skiutleige, samt ny kafé med tilhøyrande storkjøken.
I 2. etasje kjem det ein ny restaurant.

Fleire planar

I tillegg er her eit udisponert areal, som blant anna kan brukast til butikk eller samlingslokale.
- Her er det mange mulegheiter. Ein ting er eg sikker på, det vil ikkje stå ubrukt når bygget står klar. Her er mange gode tankar rundt bruk av dette, seier Riksheim.

Legg om løypene

I tillegg til nytt bygg, skal det også byggjast ei ny bru over til Roaldsheisa, ei bru som vert breiare og heva i forhold til dagens bru.
Langrennsløypene på Roaldsida vert i tillegg omlagde og lagde under brua slik at alpinistar og dei som brukar langrennsløypene ikkje må krysse kvarandre.
- Dette gir betre sikkerheit for gjestane i anlegget, seier Riksheim.
Heile prosjektet skal vere ferdig til sommaren neste år.

250 nye bueiningar

Bak satsinga står Per Magne Grøndahl, Frode Håkon Kjølås, Bjarte Tunold og Stig Jarle Rødseth i Strandafjellet skisenter.
Dei er i tillegg sentrale gjennom selskapet Blådalslia i ei storstilt utbygging av leilegheiter og hytter i lia bak servicesenteret. Totalt kan det her bli 250 bueiningar, 55 hytter og resten leilegheiter.
I denne satsinga er også Nordang Holding inne med (20 prosent) samt Roger Halsebakk sitt investeringselselskap Ronja Capital (20 prosent).
På andre sida av riksvegen er det også fleire nye prosjekt på gang, og her er kommunen og Statens vegvesen i gang med å byggje ny veg, ny bru over elva og flytte avkøyringa til ein meir oversiktleg plass.

Publisert: 07.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:25