Slik vil dei utvikle Selje
Planane er klare for nye Selje Hotell. Sjå korleis investorane vil ta i bruk store delar av Seljesanden - og kommunen vurderer ny symjehall same stad.
(lenke til strømming frå folkemøte under - trykk på bilda for større versjonar)
Fredag blei planane for korleis investorane bak eit nytt hotell på Selje, ser føre seg å realisere prosjektet.
– Det er eit spennande potensiale på Selje og vi vil bygge på dei lokale kvalitetane som er her allereie. Eit nytt moderne og funksjonelt destinasjonshotell kan vere eit fyrtårn for utviklinga på staden, seier Liv Koller-Borg til NETT NO.
Eit hotell har vore sårt sakna i bygda, etter at det tidlegare hotellet brann ned i 2016. Næraste hotell i dag ligg på Leikanger på nordsida av Stadlandet.
Lagt fram på folkemøte
Koller-Borg fortel at planane ble godt motteke på eit folkemøte i Selje fredag. Då blei det også presentert ein større visjon om korleis plassen kan utvikle seg fram mot 2030.
Eit satsing på kloster- og pilegrimsbesøk med ny bruk av Selje prestegård står sentral – saman med hotellplanane.
Vil bygge hotell med 60 rom og suitar
Aktørane i Selje Hotell Invest la fram det dei omtalar som ei moglegheit-studie. Den skisserer ei hotellutbygging på meir enn 9000 kvadratmeter.
Det inkluderer kring 60 gjesterom i ulik storleik, restaurant, bar, konferanseavdeling og festsal.
I tillegg vil dei ha treningsfasilitetar, velværeavdeling med spa og - om investorane får det som dei vil – direkte tilgang til ein ny kommunal symjehall.
– Vi ser føre oss at reisande kan kome til Selje og bade heile året – ute og inne - saman med eit fullt velvære-konsept, seier Koller-Borg.
Planane utgjer naturleg nok ei betydeleg investering, men førebels er det ikkje rekna detaljert på kostnadane. Ho fortel at dei vil ha dei politiske vedtaka på plass, før dei går vidare.
Tek stilling til ny symjehall
Stad-politikarane skal allereie neste veke ta stilling til to saker som får følgjer for satsinga på Seljesanden. Den eine gjeld om kommunen skal bygge ein symjehall (lenke til saksdokument) i tilknyting til hotellet.
I tillegg ønsker hotellinvestorane å kjøpe helsesenteret (lenke til saksdokument) som ligg ved sidan av hotelltomta.
Kommunedirektørens stiller seg positiv til begge deler i si tilråding, og det same gjer ordførar Alfred Bjørlo. Tidlegare har eit fleirtal av politikarene ønska å sjå på korleis det kan byggast ny symjehall – men ein del vil i staden ruste opp det eksisterande bassenget ved Selje skule.
– Personleg vil eg støtte ein ny symjehall, og meiner dette er midt i kjerna av korleis kommunen kan vere ein god samfunnsutviklar, seier Bjørlo til NETT NO.
Ordførar: – Fantastisk lovande
Ordføraren påpeiker at det må gjerast ei økonomisk vurdering, og at kommunen ikkje har mykje midlar å rutte med. Men han meiner ei hotellsatsing vil vere viktig for utviklinga i kommunen og heiar på planane.
– Det ser fantastisk lovande ut. Det vi har fått presentert er gjennomarbeida og heilskapleg, og har respekt for den spesielle plasseringa hotellet har. Å få realisert dette meiner eg vil få store ringverknader for heile Nordfjord, seier Bjørlo.
Liv Koller-Borg roser samarbeidet med kommunen og meiner Stad gjer mykje rett i sitt arbeid med å auke bulysta.
– Det er inspirerande at kommunen er ein aktiv tilretteleggjar, og har tru på reiselivet som ei framtidsnæring, seier Koller.
Heilårstilbod med historie og kultur
Hotellinvestorane satsar på eit heilårstilbod og håpar det kan gi opptil 20 arbeidsplassar, i tillegg til sesong- og deltidstilsette.
Koller-Borg fortel at dei tenkjer fleksibel bruk av lokala, og at dei gjerne vil nytte fellesarealet til utstillingar som formidlar lokal historie og kultur. Der er det nok å ta av.
– Selja kloster ligg som ei perle utanfor Selje, og i tillegg har staden spennande historie frå både vikingtida og andre verdskrigen, seier ho.
Naturen gir rike moglegheiter til utandørs opplevingar og aktivitetar, samtidig som reisemål som Hoddevika og Vestkapp ligg i nærleiken.
Har kjøpt tomt på nordsida
Den noverande hotelltomta er på kring sju mål. Koller-Borg fortel at dei vil utvikle området nordover mot kyrkja. Tidlegare i år sikra investorane seg nabotomta mot nord der Paneda-bedrifta held til i dag. Dei skal flytte til nye lokalar neste år.
Paneda-eigar Oddvar Flølo har også kome inn i investorgruppa, saman med Arild Aarvik, Otto Rune Vik, Olav Refvik, Bjarne Krakereid og Liv Koller Borg - som også er styreleiar i Selje Hotell Invest.
Hotellinvestorane var spent på folkemøtet fredag - og var glade for at planane blei godt motteke. Grunna koronasituasjonen måtte Liv Koller-Borg sjølv følgje folkemøte digitalt ettersom ho oppheld seg i Sveits.
– Vi har sett fram til å dele dette og håpar på brei støtte for planane, seier ho.
At prosjektet er liv laga og berekraftig, er ho overtydd om.
– Det er ein sterk trend at reisande søker opplevingar og gjerne vil ha autentisk kultur og natur. Det kan Selje og Stadlandet absolutt by på, avsluttar ho.
Les også: Bølgje av surfebedrifter på Stad
- Vi skal byggje eit heilt spesielt hotell
Meiner Vestkapp kan verte like stort som Nordkapp
Sjå video frå folkemøte på Selje (ekstern lenke)
Meir om planene på heimesida til Stad kommune (ekstern lenke)
Det er ein sterk trend at reisande søker opplevingar og gjerne vil ha autentisk kultur og natur. Det kan Selje og Stadlandet absolutt by på
Publisert: 17.10.2020 05:55
Sist oppdatert: 17.09.2021 09:13