Slit med gjelda maa hente inn pengar
OVERLEVERING: Stor stas då Golden Energy Offshore Services overtok Golden Duchess i mai 2019, her elektrikar Hans Jacob Nystrøm, kaptein Rune Handberg og maskinsjef Steinar Jensen etter seremonien i Qidong. No slit selskapet med nedbetalinga.
Nytt

Slit med gjelda - må hente inn pengar

Det Ålesund-baserte offshoreselskapet må ha frisk kapital for å handtere gjelda på to Kina-bygde skip.

22.06.2020
Golden Energy Offshore Services har sett i gang ein prosess for å hente inn mellom 10 og 35,4 millionar kroner til ein aksjekurs på ein kroner aksjen.
Dette opplyser selskapet i ei børsmelding.
Selskapet har fire offshoreskip, der tre no ligg i opplag på grunn av den vanskelege marknaden.

Endra nedbetalingsplan

Styret meiner at det både trengst ny kapital for å ha arbeidskapital, men også for å betale gjeld på dei to PSV-ane Energy Empress og Energy Duchess, som selskapet gjennom eit datterselskap i 2018 overtok frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipment.
Etter avtalen skulle selskapet betale første årlege avdrag basert på leigeinntektene på skipa, og med pant i skipet Energy Scout.
No har Golden Energy Offshore fått i hamn ein endra nedbetalingsplan, blant anna med utsetjing av deler av nedbetalinga, men der pantet i Energy Scout gjeld heilt fram til heile den første nedbetalinga er betalt.
Då dei to Kina-bygde skipa vart overtatt i mai 2019, var prisen per skip truleg på rundt 145 millionar kroner.

Stort kursras

Emisjonen vil verte retta mot eksisterande aksjonærar, pluss mot eit utval profesjonelle investorar som må teikne seg for meir enn 100.000 euro i aksjar.
Golden Energy Offshore-aksjen vart sist omsett til 1,27 kroner, noko som prisar heile selskapet til 47 millionar kroner. Børskursen er ned 78 prosent på eitt år.
Teikningsperioden varer frå 19. juni til 26. juni.
Juridisk rådgivar er advokatfirmaet BAHR.

Publisert: 22.06.2020 08:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58