Slit med raastofftilgangen
ELLINGSØYA: Klippfiskprodusenten Jacob Bjørge på Ellingsøya slit med å få tak i nok fisk til klippfiskproduksjonen.
Nytt

Slit med råstofftilgangen

Jacob Bjørge Høyberg meiner at det hastar å få sikra betre leveransar av råstoff til klippfiskprodusentane.

14.01.2019
- I dag er det altfor vanskeleg å få tak i råstoff. Om vi skal ha ein norsk klippfiskindustri, må vi få betre tilgang til råstoffet.
Det seier Jacob Bjørge Høyberg, som er dagleg leiar i klippfiskprodusenten Jacob Bjørge på Ellingsøya.
Bedrifta har produsert klippfisk sidan 1937, og omsette i 2017 for 115 millionar kroner.
Det er rundt 20 tilsette i bedrifta, mange er lokale.
- Om vi skal bevare norske arbeidsplassar på land, må vi få vere med å by på fisken.
Bjørge Høyberg viser til at stadig meir av torsken siste åra har vorte omsett utanfor auksjonssystemet ved at reiarlaga har direkte leveransar.

Vert send ut av landet

Det er også ei utfordring at mykje fisk vert send til Kina for vidareforedling.
- Det minkar på den fisken som det er muleg for å oss å nå tak i.
90 prosent av norsk klippfiskeksport kjem frå Ellingsøya og Ålesund. Brasil og Portugal er dei store marknadene.
Jacob Bjørge eksporterer mykje av klippfisken til Brasil.
- Vi satsar på kvalitet i alle ledd. Difor satsar vi også på linefanga fisk, som er den beste fisken, seier Bjørge Høyberg.

- Aktørane bør finne løysing

Sist fredag hadde han fiskeriminister Harald Tom Nesvik på besøk, som fekk prøve seg som klippfiskarbeidar for ein dag.
Nesvik seier at han ser problema med råstofftilgangen, men meiner at det beste er om fiskarane, mottaksanlegga og salslaga i fellesskap finn ei løysing.
- Men om det er noko som eg ønskjer å verte hugsa som fiskeriminister, er at eg var den ministeren som fekk flagga tilbake bearbeiding av fisk frå utlandet til Norge.
Det minkar på den fisken som det er muleg for å oss å nå tak i

Publisert: 14.01.2019 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30