Cecilie Lund Caroline Olsen Aktiv Trening Epic Digernes foto marius 11
VEGG-I-VEGG: Cecilie Lund og Caroline Olsen leiar kvar sitt senter på Digernesskiftet. Treningsenteret og aktivitetsparken på Digernes ligg vegg-i-vegg med kvarandre. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Slo tilbake med rekordår trass pandemien

Lokal treningssenterkjede er ein av landets mest lønnsame. Snart blir det meir moro for heile familien.

Marius Rosbach
16.09.2022

David Andersen frå Tjørvåg har sidan midten av 1990-talet bygd opp Aktiv Trening til ei kjede som no inkluderer 15 eigne sentre – og eit på franchise.

Trass i at drifta også i fjor blei påverka av koronapandemien, viser rekneskapen for 2021 nye rekordinntekter og god lønnsemd.

– Her i regionen var vi meir heldige i fjor enn dei på Austlandet, som hadde stengt lengre perioder. Vi kom difor raskare i gong og betre ut av pandemien, fortel Andersen til NETT NO.

Hoppar i det med ny aktivitetspark
NYE TILBOD: Herøyværingen David Andersen som bur i Tjørvåg har i ei årrekke dreve treningssentra. No inkluderer konsernet også aktivitetsparken Epic Digernes som snart får nye tilbod. Foto: Marius Rosbach/Privat

God lønnsemd i fjor
Hovudselskapet i Aktiv Trening-konsernet omsette i fjor for 46 millionar kroner og fekk eit resultat for skatt på 5,7 millionar (sjå tabell under). Det gir ein resultatmargin på meir enn 12 prosent, som er svært høgt samanlikna med resten av bransjen.

– Vi er vel mellom dei få i landet som får til ei slik lønnsemd i dag. Det gjer at vi også får nokre forespurnader om ulike prosjekt, fortel han.

Med andre ord, skal ein ikkje sjå vekk frå at kjeda vil vekse også framover.

– Vi ønsker å vere den aktøren på Nordvestlandet som gir best treningsdekning for folk både der dei bur og der dei jobbar, legg han til.

Vi har opplevd at folk har vore veldig gira etter å kome i gong med trening for å få betre helse etter pandemien
David Andersen

– Folk har vore veldig gira
Andersen fortel at fleire sentra var hovudårsaka til veksten i inntektene i fjor. Samtidig har medlemmane strømma tilbake etter pandemien.

– Vi har opplevd at folk har vore veldig gira etter å kome i gong med trening for å få betre helse etter pandemien. Det har også vore eit fokus frå styresmaktene på dette med styrketrening, som vi ser at både unge og eldre lyttar til, fortel han.

Konsernet som også inneheld eigedomsselskap og aktivitetsparken Epic Digernes har i dag 250 tilsette i arbeid. Dei fleste er deltidstilsette og jobbar ved treningssentrane som strekk seg frå Arendal til Molde – med hovudvekt på Sunnmøre.

Aktiv Trening Ulsteinvik foto Marius Rosbach 11
ULSTEINVIK: Aktiv Trening har no 15 eigne sentre. Etter at omsetninga fekk ein knekk i 2020, blei det ny rekord i fjor. Konsernet har meir enn dobla driftsinntektene dei siste tre åra. Foto: Marius Rosbach

Nye tilbod ved aktivitetsparken
Aktivitetsparken Epic Digernes er den delen av verksemda som har vore verst råka av pandemien. Etter milliontap i fjor krysser Andersen fingrane for at smittvernrestriksjonar no eit tilbakelagt kapitell.

No er det nye tilbod under planlegging. I løpet av hausten håpar dei å få på plass ei stort lys og lydsystem, inspirert av verdas største trampolinepark.

– Tanken med Epic og treningssenteret som ligg vegg-i-vegg, er at vi forsøker å skape eit tilbod for heile familien samtidig. Det kan gi kvalitetstid saman, eller dei vaksne kan ha oversikt over ungane medan dei trener, fortel han.

(saka held fram under)

Epic Digernes foto Marius Rosbach 11
NYE TILBOD: I haust kjem det nytt lys- og lydsystem på plass ved Epic Digernes og snart tenker dei utvide. Foto: Marius Rosbach

Andersen kan avsløre at dei også tenker på å utvide, men førebels vil han ikkje seie kva for tilbod det gjeld.

– Eit besøk hit skal vere kjekt og skape glede. Eg trur på å legge til rette for interaktive aktivitetar for dei unge, slik at dei ikkje berre sitter med mobiltelefonar og dataskjermar, legg han til.

Aktiv Trening

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt

46,1

36,3
Driftsresultat
6,7
1
Resultat før skatt
5,7
0,9
Epic Digernes

Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt

8,9

0
Driftsresultat
-1,8
-0,3
Resultat før skatt
-2,2
-0,3

Publisert: 16.09.2022 10:52

Sist oppdatert: 16.09.2022 11:25

Mer om