Broeytestikke selskap til topps
MELDTE OPPBUD: Jørgen Klokseth og Peder Strømsvåg i Roadtech (i midten) utviklet et system for automatisering utsetting og innhenting av brøytestikker. Det brakte dem helt til topps i Næringsteft-konkurransen 2018/2019.
Nytt

Slutt for Næringsteftvinner

Brøytestikkeselskapet Roadtech er konkurs.

04.06.2025

Roadtech sin ide var ein robot som skulle monterast på lastebil og rasjonalisere utsetting og innhenting av brøytestikker. Roboten kunne bevege seg fram og tilbake på lasteplanet slik at bilen slapp å stoppe for kvar brøytestikke.

Den ideen sende Tingvollbedrifta til topps i Sparebanken Møre sin gründerkonkurransen Næringsteft i sesongen 2018/2019.

Det gjennomslaget i marknaden Roadtech-grunnleggarane håpa på skulle kunne sikre inntekter og lønsam drift har imidlertid ikke kome. i 2023 hadde selskapet 2,9 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 6,3 millionar kroner. Ifølgje bustyrar Ole M. Leirvåg arbeidde selskapet med ei kapitalutviding i vår, men melde oppbod då det ikkje lukkast. Selskapet oppgir å ha ei gjeld på omlag 12,5 millionar kroner og verdiar for omlag ein halv million kroner ved konkursen.

Fire har gitt seg
Av dei sju Næringsteft-vinnarane frå den første kåringa i mars 2018 til i dag har to gått konkurs - medrekna Roadtech - og to er oppløyst.

I eit intervju med NettNo sommaren 2024 var Roadtech-medgrunnleggar Peder Strømsvåg optimistisk til at selskapet skulle greie å hente inn nok kapital til drive vidare. Men han erkjente samstundes at selskapet hadde venta for lenge med kapitalinnhenting og lent seg på tilskot i starten.

– Vi har prata med Innovasjon Norge om at dei bør lage eit program der dei venner selskap til at navlestrengen kuttes, litt før den gjer det, sa han til NettNo.  

God uttelling
Næringsteft er både ein konkurranse og eit opplæring og ei utviklingsprogram med fleire samlingar.

Trass i Næringsteftvinnarar som kastar inn handkleet viser statistikken frå Sparebanken Møre at berre 27 prosent av oppstartsbedrifter overlever etter fem år. Av bedrifter som har vore gjennom Næringsteft-programmet, overlever heile 83 prosent. 

– Det er tall vi er veldig stolte av, sa leiar for Næringsteft, Ruben Kvalsvik til Nett No i fjor sommar. 

Publisert: 04.06.2025 10:08

Sist oppdatert: 09.10.2025 17:57

Mer om