Nytt
Slutt for Sandanger-bu
Bubehandlinga Sunsea Seafood, Sunsea og Cinvest er over.
30.10.2019
Det er ikkje midlar i buet. Det er grunnen til at bustyrar Thore Heggen avsluttar bubehandlinga i dei tre selskapa Sunsea Seafood, Sunsea og Cinvest.
Lakseforedlingsbedrifta Sunsea og salsselskapet Sunsea blei slått konkurs i 2018. Cinvest blei tvangsoppløyst i 2019.
Edgar Sandanger var største eigar i Cinvest og blant anna produksjonsselskapet Sunsea var eigd gjennom Cinvest.
Cinvest eigde og 16,14 prosent av aksjane i Sunnmøre Eigedom Moltu, der Sunsea hadde produksjon fram til konkursen.
Anlegget på Moltustranda er til sal av buet, etter at også Sunnmøre Eigedom Moltu gjekk konkurs.

Publisert: 30.10.2019 12:43
Sist oppdatert: 15.06.2021 10:26