rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Slutt for tradisjonsrik entreprenørbedrift

Selskap med 25 tilsette konkurs med skyhøg gjeld.

Marius Rosbach
14.03.2024

Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i entreprenørbedrifta Hole Maskiner.

Dermed er det slutt for Sykkylven-bedrifta som har vore i bransjen i meir enn 70 år.

Verksemda var i gong på konkurstidspunktet, og selskapet har 25 tilsette som no misser jobbane sine.

Bustyrar for saka er Bjørn-Ivar Borgund og første skiftesamling er planlagt 29. april.

– Har prøvd lenge å få det til å snu
Styreleiar Norman Hole fortel til lokalavisa Nyss at dei tunge tidene i byggebransjen ligg bak konkursen.

– Du har prisstiginga på råvarer i tillegg til at vi har hatt fleire kontraktar med fastpris, utan at prisane har blitt regulert etter prisstiginga. Vi har prøvd lenge å få det til å snu, men utan å lukkast, seier han.

Gjelda i selskapet er på over 21 millionar kroner og verdiane blir anslått til drygt 11 millionar, ifølgje rettspapira.

Stort underskot i 2022
Hole Maskiner omsette for 86 millionar kroner i 2022, som er den siste offentlege rekneskapen. Året enda med eit solid underskot på meir enn sju millionar før skatt.

Ved utløpet av det året hadde selskapet likevel eigenkapital på 4,5 millionar kroner. Den samla gjelda var samtidig på meir enn 28 millionar kroner.

Publisert: 14.03.2024 16:37

Sist oppdatert: 14.03.2024 16:51

Mer om