Innan to år håpte Erika Krøvel og Knut Steinnes å sjøsette sin første yacht skreiv Nett No i slutten av 2016.
Draumen var skape ei internasjonal merkevare med 60-100 fots yachtar, i ein nisje der mellom andre Grand Banks Yachts og Fleming Yachts er konkurrentane. Gjennom selskapet Krovel Yachts i Hovedbygda i Ørsta hadde dei utvikla ein serie modellar som skulle byggjast i aluminium, hos eit nederlandsk selskap.,
Den minste modellen, på 60 fot, var planlagt for seks personar, med tre dobbeltlugarar. Den hadde ei prisantydning på omlag 30 millionar kroner .
Ingen inntekter
Krovel Yachts kom aldri dit at det fekk inntekter.
I 2025-årsmeldinga fortel selskapet at det "er vedtatt avviklet nå i 2026".
Nett No har ikkje lukkast å få ein kommentar frå styreleiar Knut Steinnes.
Fleire eigarar
Krovel Yachts er eigd av selslapet Godt Lag, som i følgje databasen proff.no i sin tur er eigd av selskapa Steinnes & Krøvel (51,9 prosent) og Krysse (48,1 prosent).
Erika Krøvel og Knut Steines eig 47,5 prosent kvar i Krøvel & Steinnes, medan Arnfinn Velle eig resten. Krysse er eigd av Arild, Morten og Jøregen Bakke i Oslo, gjennom eigen selskap.
Rufo-eigar
Den viktigaste investeringa til Godt Lag er eigarskapet i transportkasse-leverandøren Rufo i Hovedbygda, som leverer til kunder som spenner frå musikkbransjen til oljebransjen.
I 2024 hadde Rufo rekordhøge 29 millionar kroner i driftsinntekt og eit overskot på 0,1 millionar kroner.
| Krovel Yachts as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 0 | 0 |
| Driftsresultat | -0,04 | -0,04 |
| Resultat før skatt | -0,04 | -0,04 |
Publisert: 02.03.2026 15:08
Sist oppdatert: 02.03.2026 15:08






