Hordvikneset
BERGEN: Bergen Engines sitt hovedkvarter ved Horvikneset utanfor Bergen. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Slutt mellom Kongsberg og Bergen Engines

Kongsberg Maritime skal ikkje lenger selje motorar eksklusivt for Bergen Engines.

01.04.2022

Sidan 2019 har Kongsberg Maritime AS vore ‘single route to market’ for motorar produsert av Bergen Engines for den kommersielle maritime marknaden. Denne avtalen om eksklusivitet går no mot avslutning, opplyser Kongsberg i ei børsmelding fredag.

I meldinga blir det vist til at Kongsberg Maritime og Bergen Engines i dag har signert eit prinsippdokument (Heads of Terms) som peikar mot ei avslutning 30. juli i år av den eksisterande avtalen mellom partane.

I tillegg til nysal har Kongsberg Maritime også stått for service på installerte motorar frå Bergen Engines.

Stoppa sal til Russland

Bergen Engines vart ikkje med over då Kongsberg gjorde oppkjøpet av tidlegare Rolls-Royce Commercial Marine, og det vart i staden inngått ein sals- og serviceavtale med Kongsberg.

Bergen Engines vart ved årsskiftet seld frå Rolls-Royce til det internasjonale industrikonglomeratet Langley Holdings plc. Dette skjedde etter at regjeringa sette ned foten for eit sal av selskapet til russiske TMH.

Seinare har Langley Holdings opplyst at Bergen Engines vil gå inn i ei avdeling kalla Power Solutions, saman med den italienske elmotorprodusenten Morelli og den tyske straumforsyningsprodusenten Piller.

I børsmeldinga blir det vist til at avtalen om eksklusivitet blei opphaveleg inngått for fem år.

Framover vil Kongsberg Maritime kunne inkludere motorar fra Bergen i sine systemsal, men då på same måte som selskapet samarbeider med andre leverandørar av energiløysingar til skip.

Hadde inntekter på 679 millionar

Driftsinntektene frå avtalen med Bergen Engines representerte 679 millionar kroner for Kongsberg Maritime i 2021.

Ved avslutning av avtalen vil Bergen Engines ta over eit delelager og betale ein ikkje offentleggjort kompensasjon for tapt inntening til Kongsberg Maritime.

Publisert: 01.04.2022 15:33

Sist oppdatert: 01.04.2022 16:09

Mer om